Tøft: Det har dei siste vekene vore mange samtalar med medlemer som har det tøft.

Du som lokalpolitikar er arbeidsgjevar òg!

For mange er dette ei belastning å stå i år etter år.

Vi i Fagforbundet har forståing for at kommuneøkonomien er pressa, og at ein må gjera grep innafor alle områder for å få økonomien på rett vei.

De som politikarar skal sørga for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette i kommunen, sjølv om dykk har delegert den daglege drifta til administrasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fagforbundet er kommunens største arbeidstakarorganisasjon og organiserer tilsette i alle avdelingar. Fagforbundets hovudprioritering er dei tilsette sine arbeidsforhold, og at dei ikkje skal bli oppsagt i omstillingsprosessar.

Les også
Lurer du på kva tilbod som kan forsvinna til neste år? Her er kommunedirektørens forslag

Vårt fokus er også at tenestene utviklast og drivast i eigen regi.

Eigenregi betyr trygge, stabile og føreseielege forhold for tilsette.

I mange år allereie har medlemene våre vore i omstilling, opplevd store nedtrekk og arbeidskvardagen har for mange endra seg stort.

Det har dei siste vekene vore mange samtalar med medlemer som har det tøft. Dei er usikre på framtida. Dei er redde for å mista jobben sin som dei er så glade i. Dei er bekymra for om dei klarar å stå i det nivået leiinga legg opp til på tenestene. Her er dei både bekymra for sin eigen faglege integritet, og på den kjeften dei må tola frå innbyggarane dei møter.

No er det også viktig med tydeleg leiing som tar innover seg ansvaret for sine tilsette, og korleis ein blir møtt ute blant innbyggarane.

For mange er dette ei belastning å stå i år etter år.

Når ein til dømes veit at stillinga ikkje er lovpålagt, men veit kor betydningsfull, førebyggande og nødvendig den er, er det vanskeleg å stadig ha kuttspøkelse hengande over seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kommunedirektøren teiknar opp ei betre framtid for kommunen. Så sant vi held ut.

Fagforbundet ser at befolkningssamansetninga er i endring, og at vi må rusta helse og velferdsområdet for å møta utfordringane. De tilsette opplever at det allereie er kutta mykje på området og ser ikkje korleis ein kan klara å gå ytterlegare ned. Her er det politikarane som må ta ansvaret, vera tydelege og gjera prioriteringar.

De som politikarar må fortelja kva ein skal slutta med for å nå målet. Både tilsette, brukarar og pårørande, og innbyggjarar må få klart svar på kva tenester ein skal forvente seg i framtida.

Vi går ikkje inn på alle dei føreslåtte tiltaka, men oppfordrar politikarane til å lesa dei gode innlegga som er i lokalpressa frå dei som jobbar i tenestene. Der kjem det fram gode fakta frå dei som kjenner kor skoen trykker.

Husk at som politikar i kommunestyret, er du arbeidsgjevar òg!

Styret

Fagforbundet Bjørnafjorden

Les også
Kommunedirektøren har lagt fram budsjettet. – Det er ikkje med lett hjarte vi føreslår desse kutta