Prøvetur E39: Stian Brosvik Bayer svarer mindre glad søftelending.

E39-saka: Svar til mindre glade søftelendingar

«Til lags åt alle kan ingen gjera» oppdaga Ivar Aasen og skreiv eit dikt. Dette hende truleg då han vitja Søfteland for å samla dialektar.

Av den grunn er det på høg tid å minna om nokre realitetar som tydelegvis er attgløymde ein stad mellom Os og Bergen.

Hovudårsaka til at nyvegen er over 40 år forseinka, skuldast usemje om traseval. Han skulle opphavleg følgje gamlevegen, men kven protesterte høgast? Jau, dei frå Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då vart planane endra og nytt forslag via Nordvik og Lysefjorden vart utarbeidd. Det same skjedde her også. Difor måtte vegen byggast i tunnel heile vegen frå Svegatjørn til Rådal.

Det vart det mest omfattande og dyraste vegprosjektet i manns minne på Vestlandet. Vel ni milliardar kroner kosta vegen. I mellomtida er det einaste vi har høyrt frå busette i begge bygder, ein jamn klagesong om den høge trafikken som fer forbi stovevindauga deira.

Så no har Søftelendingen fått det nøyaktig slik han ønskte, men han er ikkje heilt nøgd enno.

Vi nyttar jo ikkje nyvegen, kvifor skal vi betala for han?

Bussane tek oss berre til Nesttun. Før reiste vi heilt til byen!

Kystbussen tek også nyvegen. Kva med oss på Søfteland?

Ingen køyrer forbi Søfteland lenger og vi risikerer å mista både kro, bensinstasjon og butikken vår!

Kva skal til

For at vi skal gjera Søftelendingen til lags (og det hadde jo vert hyggeleg), må vi altså gjera følgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

Bomstasjonen må takast ned på sidevegane, og taksten doblast i Endelausmarka for å kompensera. Resultatet er at mykje av trafikken vel gamlevegen, men dette er jo heller ikkje ønskeleg (jamfør klagesongen).

Problemet då er at ein på eit vis må skilja ut den «riktige» trafikken, dei svoltne som kan tenkast å stogga for ei pannekake eller flotta seg på kroa, og dei som er i ferd med å gå tom for bensin, og senda dei via gamlevegen.

Dei andre kan sendast gjennom tunnelane (også kalla «styggedomen» på folkemunne i Søfteland) anten dei vil eller ikkje.

Dette er nær umogeleg, er det mange som tenkjer, men Søftelendingen har løysinga klar. Ein set i staden opp to bomstasjonar på Søfteland, slik at alle som har vore på Søfteland i minst éin time (til dømes for å handla pannekaker), kan halda fram med å køyra gratis.

Når det kjem til bussane, skal dei sjølvsagt køyra gamlevegen, slik som tidlegare. At ingen andre enn Søftelendingen kjem til å ta buss, sidan ein då køyrer bil til byen på under halve tida, er berre positivt. Då blir det betre plass til dei frå Søfteland.

Stian Brosvik Bayer