Baklengs inn i framtida: Forslaget Frp og Høgre no kjem med - å avvikla ordninga - er å gå baklengs inn i framtida.

Eg har kjent på fortvilinga av å vera på eit redningsoppdrag utan å ha mannskap med seg

Eg er svært, svært skuffa over budsjettforslaget til Frp og Høgre.

Som tidlegare brannsjef i gamle Fusa kommune tenkjer eg at det er lov å seia at eg no er svært, svært skuffa over budsjettforslaget til Frp og Høgre. Dei foreslår å endra vaktordninga for Bjørnafjorden brann og redning i Eikelandsosen ved å ta vekk dreiande vakt.

Les også
Endå fleire kutt i Frp og Høgres budsjettforslag: – Legevaktordninga er ikkje berekraftig
Les også
— Eg ser at nokon kan meina at dette er eit løftebrot

Å ha ei dreiande vaktordning i tenesta brann og redning betyr at eit vaktlag rykkjer ut ved hendingar. Det som no blir foreslått, er å skrinleggja denne ordninga og gå tilbake til gamal ordning utan vaktlag. Dette betyr at ein kan oppleva at berre éin person (les: utrykkingsleiar) kjem på hendingar. Dette seier seg sjølv gir utryggleik for både mannskapet og innbyggjarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget om å ta vekk dreiande vakt er ei nedbygging av tenesta og ikkje forsvarleg for innbyggarane i Bjørnafjorden aust. Brann og redningstenesta er ein heilt grunnleggjande beredskap og redningsressurs i samfunnet.

Les også
Til ordførar, kommunalsjef og kommunedirektør: Me takkar for tilliten, men no er faktisk grensa nådd
Les også
Føler seg lurt: — Eg er ekstremt skuffa

Brann og redning står i førstelinja i dei fleste hendingar i heile krisespekteret og må satsast på. Det kostar å ha ein kommune som er stor i areal, og det er vel ikkje på tryggleik ein skal tenkja sparing. Det kan få konsekvensar som eg ikkje vil tenkja på.

Eg er godt kjent med begge modellane med og utan dreiande vakt etter eit langt liv i brann og redningstenesta i Os og Fusa. Det er stor forskjell, og eg har kjent på fortvilinga av å vera på eit redningsoppdrag utan å ha mannskap med seg.

Les også
Har starta Fusa-brølet: No blir det folkeaksjon
Les også
Kva blir - mest truleg - kutta og kva blir spart? Slik vil du merka endringane.

Det er tre år sidan dreiande vakt blei innført for Bjørnafjorden aust. Det er no trygt for brannmannskap og innbyggjarane. Forslaget Frp og Høgre no kjem med - å avvikla ordninga - er å gå baklengs inn i framtida.

Sats på eit trygt samfunn for innbyggjarane i Bjørnafjorden aust også, det fortener dei. Kva hjelper det med ein stor, ny og fin brannstasjon utan folk? Sats på dei tilsette sin kompetanse og skaff oss eit trygt samfunn med ei redningsteneste som fungerer. Det kan eg ikkje sjå vil skje med forslaget til Frp og Høgre.

Gunnar Hatlelid

Pensjonert brannsjef