Lett: Det er lett å uttala seg om farten på ein veg ein ikkje bur like ved.

Eg kallar denne strekninga for flystripo

Les diverse meiningar om farten her på Lepsøyvegen, og mykje kan seiast om dette emnet.

Det er lett å uttala seg om farten på ein veg ein ikkje bur like ved.

Frå bedehuset til Thuen er det ei flott, rett strekning som nok triggar høgrefoten til mange, om ikkje mykje, så i alle fall frå 50 til 60++.

Artikkelen held fram under annonsen.

Differansen i tid på denne strekninga i 50 km i timen kontra 60 km i timen, er ca 8 sekund. Så kva skal desse sekunda brukast til? Eg berre spør.

Står det 50 på skiltet, kan du køyra i ca. 75 for å mista lappen, og tilsvarande ca. 85 i 60-sone.

Eg kallar denne strekninga for 'flystripo'. Her skal mange testa ut aksen på diverse doningar, alt frå svarte pick up'ar til andre senka, kjente merke, for ikkje å snakka om desse mopedane og lette motorsyklane. Dei køyrer forbi bilar på eitt hjul, så her skjer det mykje meir enn desse 10 km som blir diskutert.

Så mi oppfordring no når våren nærmar seg, er først og fremst til foreldre og føresette til ungdom med desse tohjulingane: Sørg for at dei er utstyrt med riktig eksospotte. Det er støy som frå ein flyplass når dei dreg på og køyrer ut på alle gir.

Eg skal ikkje leggja skulda på andre for at eg bur her med vegen, berre oppfordra til å prøva å visa litt omsyn til folk som bur tett på trafikkerte vegar.

Finn-Erik Moberg