Mathilde Nonås: N/A

Ei meining som er litt for upopulær til å bli sagt høgt

Kanskje det er akkurat ditt barn som får seg ein ekstra god venn på den nye skulen?

Etter Pwc-rapporten og ein utfordrande kommuneøkonomi, har det blitt debatt om nedlegging av nærskulane. Kommunen står i ein økonomisk vanskeleg situasjon, og løysinga til politikarane er å ikkje innføre eigedomsskatt, ikkje leggja ned skular, men stramma inn økonomien alle andre plassar.

Ingen av politikarane klarar å svara på kva for nokre andre tilbod det kan gå utover om me ikkje vel eitt av alternativa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det verdt å kutta i økonomien i alt anna enn skulane? Me veit ingenting om kva tilbod det kan gå utover. Me sit heime, bekymra over at nærskulane skal leggjast ned, utan å vita kva konsekvensar det kan få for andre ting.

Eg meiner at nærskulane ikkje skal bevarast for ein kvar pris. Eg meiner å leggja ned skular der det er forsvarleg (mtp avstand og mottakarskular) er ei god løysing! Les gjerne vidare før du har bestemt deg for at eg er ein tosk.

Om elevar blir flytta over til ein annan skule, vil dei framleis ha eit likeverdig tilbod. Om me vel å ikkje leggja ned nokon skular, vil det gå utover andre ting. Eg ønskjer at me kuttar i økonomien der det er moglegheiter for at dei det går utover, har eit likeverdig tilbod å gå til, enn at me kuttar i tilbod der dei det går utover ikkje får noko i det heile.

På nærskulane i kommunen er klassane små, og dersom ein skal vera uheldig å ikkje passa inn med dei ofte fire andre jentene i klassen, får ein på ein større skule, med fleire elevar, moglegheita til å passa inn. Å ha det bra er faktisk ein utruleg viktig faktor for god læring.

På Os er det ingen montessoriskular. Eg har gått på montessoriskule i to år. På montessoriskulen fekk eg velja kva fag eg ville ha dei to fyrste timane av dagen. Eg gjorde dei oppgåvene som passa meg og min konsentrasjon. Poenget er; Me treng montessori-tilbod på Os også! Det ynskjer eg at politikarane opnar for.

Ein kan seia at nærskulane er viktige for at lærarane skal få tid til alle elevane, læra seg å kjenna eleven, veit korleis eleven lærer betre osv, men store skular med store klassar fungerer supert dei òg!

Til sjuande og sist må me ta hensyn til kapasitet på mottaksskulane, meir reisekostnader, og at ting blir gjort på rett vis. Me må ha ein ryddig prosess, alle må bli høyrt, og me må ikkje forhasta oss.

Dette er ikkje eit lesarbrev for å få deg som veljar til å stemme på eit parti som er for skulenedlegging, men det er ei oppfordring til både politikarar og veljarar til å tenkja seg om ein eller to gonger før ein er super imot skulenedlegging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det verdt det med dei konsekvensane det kan få for andre ting?

Eg meiner det kan koma masse godt ut av situasjonen. Kanskje det er akkurat ditt barn som får seg ein ekstra god ven på den nye skulen?

Mathilde Nonås