Salderingspost: Eg skulle ønske at vi sa eit rungande, samstemt, og tverrpolitisk "ja" til skulane, for ein gongs skuld, og at vi finn ein annan salderingspost.

Ei samling hus med framifrå infrastruktur for vatn og avløp

Ungane er viktige dei, men ikkje viktige nok. Er vi klare til å bruke så reine ord?

Eg har budd på Halhjem mest heile livet, og det er ikkje akkurat ein plass for turistbøkene. Av og til, om sommaren gjerne, hender det at ein utanlandsk bubil parkerer for natta ved idrettsplassen. Men stort sett er det vi som bur her som stoggar tungtrafikken frå ferja ved å blinka oss heilt gjennom rundkøyringa. "Kva skal du liksom der inne?", tenkjer eg somme gonger at dei seier til seg sjølve, oppe i førarhytta, om dei ser meg i det heile.

Men det er her eg bur, saman med mange, mange andre. Det er heilt andre forhold i dag enn då eg sjølv rusla til skulen på Lunde kvar einaste dag, sommar som vinter, eller kanskje kasta eg meg på sykkelen dersom vêret var fint. Det var stort sett mørkt, heilt mørkt, og vegen var trong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er i ein av dei siste årgangane som gjekk alle åra på Lunde, før barneskulen på Halhjem åpna dørene og lèt dei minste borna sleppe å bruke europavegen som skuleveg. Sidan den gong er det rett nok sett opp ein og annan lyktestolpe over Haugland, men vegen er like trong, like ueigna for seksåringar, og åtteåringar, og tiåringar, som elles ikkje tenker lenger enn at dei gløymer å lata att fryseboksen etter å ha lurt til seg ein is. Den store forskjellen no, samanlikna med den gongen, er at det er så utruleg mange av dei.

Halhjem har blitt ein plass der kommunen gjennom tiår med politisk vilje og administrative vedtak har sett av store areal til bustader. Og folk seier "ja, takk, her vil eg bu!". Her er kanskje ikkje så mykje av det ein gjerne ventar seg i eit så tettbygd område som Halhjem er blitt. Ikkje er det butikk, ikkje er det all verden med naturopplevingar i gangavstand, ikkje er det særleg variasjon i fritidstilbodet utover fotballen. Men skulen har vi hatt. Den har liksom vore den eine tingen som gjer plassen til noko meir enn ei samling med hus.

Eg har stor sympati med dei folkevalde som no må rydda opp i det økonomiske uføret som kommunen har hamna i. Eg har stor respekt for dei, uansett politisk parti, som no skal bruke store delar av fritida si til å sette seg inn i stort og smått og fatte det som ofte blir upopulære vedtak, uansett korleis ein vrir og vender på det.

Men samstundes så klarer eg ikkje fri meg frå tanken om at vi no har vald eit fleirtal i kommunestyret som dei siste tiåra har ført nettopp den politikken som er årsaka til at vi er der vi er i dag. Kommunen har ikkje fått økonomiske problem på eiga hand. Før valet fekk vi her i Os & Fusaposten dokumentert at Bjørnafjorden har mykje gjeld. Vi bur i ein kommune med høgt avgiftsnivå, trass i at vi ikkje betaler eigedomsskatt.

Resultatet er at kommunen no, og i lang tid framover, må sette av store summar for å betale renter og avdrag for gamle investeringar. Dei enorme summane vi betaler i byggesaksgebyr går til å finansiere byggesak og ikkje noko anna. Dei enorme summane vi betaler i vass- og avløpsgebyr går til å betale for nettopp det, og ikkje noko anna.

Alt dette er fint og flott. Det er ikkje tvil om at vi treng ein profesjonell kommunal administrasjon, vatn i springen, og ein plass i andre enden av kloakkrøyra som eg set stor pris på at eg slepp å forstå korleis fungerer.

Men vi treng også skular. Og vi treng ganske enkelt eit kommunestyre som gir skular og lokalsamfunn høgste prioritet; eit kommunestyre som er like initiativrike når det kjem til å prioritera den sosiale dimensjonen i innbyggjarane sine liv som dei er når dei lagar infrastruktur for kloakk. Det kan dei gjera ved å leggja bort sine uforståelige politiske prinsipp om at ordet "eigedomsskatt" ikkje skal vera å finne på rekningane dei sender ut.

For familieøkonomien er det nøyaktig det same korleis beløpa fordeler seg på dei ulike kategoriane. Eg meiner til og med at det er verdt å betala meir til fellesskapet for å sikre at skulen består, men eg forstår sjølvsagt også at vi vanskeleg kan leggja nok ei byrde til privatøkonomien hos innbyggjarane midt i ei dyrtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skjønt, dette hindra ikkje kommunen i å auke vass- og avløpsgebyra for 2023 med prosentsatsar som langt oversteig den generelle prisauken i samfunnet, med den enkle forklaringa at auka utgifter må dekkast inn av auka inntekter.

For kommuneøkonomien er det ikkje det same kva som står på fakturaen. Om skulestrukturdiskusjonen berre skal handle om skular, og ikkje om alle dei andre tøffe prioriteringane som politikarane ellers må gjere, så er vi i grunnen like langt: Samfunn, skular, fritid, livet, har ikkje eit eige gebyr. Seier vi ja til at ungane på Halhjem, og ungane i Strøno og i Fusa for den saks skuld, skal få behalda skulen sin, så er vi nøydde til å seie nei til noko anna.

Eg skulle ønske at vi sa eit rungande, samstemt, og tverrpolitisk "ja" til skulane, for ein gongs skuld, og at vi finn ein annan salderingspost. Eller så kan vi berre seie det som det er: Ungane er viktige dei, men ikkje viktige nok. Er vi klare til å bruke så reine ord?

Då eg sist såg store maskiner på Halhjem, var det ikkje for å rusta opp skulebygget, men for å røske opp ein av dei siste grøne lungene vi hadde igjen mellom byggjefelta. Frå Aurevika, gjennom Auredalen, via Helleristningane og ut i Vargavågen hogde dei ned skogen i ei brei gate, grov ned røyr med bæsj, fylte igjen grøfta med gjørme og drit og lét såret i terrenget ligge ope igjen så ugraset kunne ta over. Og dette var nok dyrt, vil eg tru.

Borte, for alltid, er den ugjennomtrengelege skogen. Eller, vi kom oss alltids inn der om vi verkeleg ville, ned til bekken, der vi kanskje fekk fanga ein fisk, som vi kokte og gav til katten. Hjorten såg vi sjølvsagt ikkje då, sjølv om han heilt sikkert følgde nøye med på det vi styrte med. No finn eg han gjerne i midtrabatten på busshaldeplassen der han står og tygger drøv. Eg kan gå nesten heilt opp til han, ja, det er like før eg får stryke han på mulen.

For kor skal han springa? Opp på skuleplassen, kanskje, for der blir det nok stilt før budsjetta er i balanse.

Håkon Otneim

Medlem

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden MDG