Ordføraren: Eg hadde håpa at ordføraren vår hadde halde seg for god til dette.

Ein bør koma seg ned frå sine politiske pidestallar og evna å føra ein sakleg debatt

Dessverre er det ein kjend debattstrategi å satsa på personleg sjikane når ein manglar gode argument.

Ordførar Terje Søviknes kjem i Os & Fusaposten si nettutgåve med ein karakteristikk av tidligare ordførar Atle Kvåle. Han sa han ikkje vil ville framstå flåsete.

Men det gjorde du, Søviknes. Slik den økonomiske situasjonen i Bjørnafjorden er, bør ein koma seg ned frå sine politiske pidestallar og evna å føra ein sakleg debatt. Dessverre er det ein kjend debattstrategi når ein manglar gode argument å satsa på personleg sjikane. Eg hadde håpa at ordføraren vår hadde halde seg for god til det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Utan å verka flåsete, men dette er vel Atle Kvåle i eit nøtteskal

Når Ap-veteranen Atle Kvåle kjem med sitt personlege syn på eigedomsskatt, vitnar det etter mitt syn om ein erfaren politikar som evnar å ta den økonomiske verkelegheita innover seg og som ynskjer å bidra til ein konstruktiv debatt. Det håpar eg blir tilfelle når politikarane våre no skal sy saman budsjettet for 2024.

Det store motargumentet mot å innføra eigedomsskatt, er påstanden om at det er ein usosial skatt. Dersom ein må leggja ned sjukeheimsplassar og ta vekk andre sosiale tenester for å få budsjettet i balanse, så må ein vel kunna innrømma at det er usosialt, det og?

Eg forstår at politikarar vegrar seg for å auka skattetrykket for innbyggjarane, men skatt handlar også om å løfta i flokk. Å løfta i flokk betyr ikkje at alle som er med skal løfta likt, men at kvar og ein løftar etter evne anten det gjeld muskelkraft eller økonomi.

Ellers er det interessant å sjå at 322 av landets 356 kommunar har innført eigedomsskatt og at t.d. Voss kommune med sine 16.000 innbyggjarar henta inn over 76 millionar kroner i 2022 , ifølgje Fri Fagbevegelse.

I Vestland fylke er det i dag berre kommunane Bjørnafjorden og Askøy som ser seg råd til å yta kommunale tenester utan å budsjettera med eigedomsskatt. Dette òg ifølgje Fri Fagbevegelse.

Jon Berge