Hån: Nok snakk om budsjettdisiplin no. De hånar oss med slike formuleringar.

Ein gordisk knute

Me tar i mot ekte barn, med ekte behov i skulen.

Vår kommunalsjef, Line Rye, kan ikkje misforståast i den ferske tertialrapporten og i sitt alvorstunge utsegn i tenesteutvalet 28.mai: «Mi oppfatning er at det meirforbruket som no blir varsla, må til for å driva skulane på ein forsvarleg måte.»

Me klarar altså ikkje å gje alle lovpålagde tenester i den altfor strame, urealistiske finansieringsmodellen me no driv etter. Den er tilpassa elevtal, ikkje elevmassen me faktisk har, eit faktum me i Utdanningsforbundet heile vegen har vore uroa for. Me tar i mot ekte barn, med ekte behov i skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mangelfull intensiv opplæring for elevar frå 1.-4. årstrinn

I tertialrapporten kan folkevalde lesa svart på kvitt at me ikkje har ressursar til å driva med det som i opplæringslova heiter intensiv opplæring. Utdanningsdirektoratet skriv på sine sider at ein føresetnad for at kravet om rask og eigna intensiv opplæring skal fungera etter intensjonen, er at skulane har tilstrekkelege ressursar tilgjengeleg, noko me i Bjørnafjorden ikkje har.

Politikarane etterlyser støtt og stadig rapportar med statistikk som viser ulike gradar av resultatoppnåing frå kartleggingar i alle moglege format. Eit betimeleg spørsmål er: Kva er formålet med denne endelause målinga og veginga, dersom me ikkje har ressursar å setja inn der forsking viser det trengs som mest?

La det vera klinkande klart: Me bryt opplæringslova!

Barn med spesielle behov - ei elevgruppe som aukar

Me har alle slags elevar i skulen, og ynskjer dei hjarteleg velkomne til oss. Utfordringa har i fleire år vore at me ikkje har ressursar nok til å ta i mot alle på den måten dei treng. Dette fører til overarbeidde tilsette, høgt sjukefråvær, klagesaker og sist, men ikkje minst; barn som i framtida utviklar enda større behov for hjelp.

Eit vanleg scenario i skulen i Bjørnafjorden: 22 elevar sit klar for si undervisningsøkt. Per, Pål og Kari er framleis ikkje på plass etter friminuttet. Læraren kjem småspringande med høg puls etter ein hektisk inspeksjon med observasjonsoppgåver knytt til ein aktivitetsplan heimla i Opplæringslova § 9A-4.

Hen bør leita etter Kari som ikkje såg ut til å ha det heilt godt, men må berre innfinna seg i klasserommet der mesteparten ventar. Tanken på kor elevane er blitt av er stressande, og er med gjennom heile undervisningsøkta. Den stive nakken og hovudverken kjem snikande, som eit resultat av høg belastning over tid.

Kommunen vår held fram med å redusera tal vaksne i skulen. Samfunnet treng det motsette; fleire yrkesgrupper inn, i tillegg til lærarnorma. Læraren si kjerneoppgåve skal vera undervisning. Oppgåvene til kontaktlærarane spesielt, har blitt tilnærma grenselause. Slik kan det ikkje halda fram.

Billig-kommunen

I førebelse KOSTRA-tal utmerkar me oss igjen som svært kostnadseffektive, også kalla billig på godt norsk. Billig er sjeldan bra om ein vil ha kvalitet. Billig er heller ikkje bra om me ynskjer eit godt omdøme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein representant i tenesteutvalet samanlikna klemma me har hamna i med ein gordisk knute. I store norske leksikon står det: «Gordisk knute er ein innvikla knute. Omgrepet blir ofte brukt på vanskelege problem som kan løysast på ein resolutt og radikal måte.» Me håpar det finst ein Aleksander den store blant dei folkevalde.

Gode kommunestyre: Sektoren vår er kraftig underfinansiert, noko me har forsøkt å fortelja dykk over lang tid. Verken tilsette eller administrasjonen kan trylla. Nok snakk om budsjettdisiplin no. De hånar oss med slike formuleringar.

Me ser fram til å følgja komande budsjettprosess i haust.

Hovudtillitsvalde

Utdanningsforbundet Bjørnafjorden