Ikkje verdig: - Å køyre rundt med konføderasjonsflagget med den rasistiske historia det har, er ikkje ein varaordførar verdig.

Eit flagg til bry

Det er ikkje for seint å fjerne flagget. Ein blir ikkje mindre mann av å innrømme feil.

Dei siste dagane har diskusjonen nok ein gong gått om at Harald Lekvens bruk av konføderasjonsflagget på bilen sin. Problematikken rundt dette blei løfta rundt valet og Lekven valde sjølv å trekke seg frå Sp og varaordførervervet.

Denne veka hoppa kommunestyret i Bjørnafjorden kommune bukk over problematikken rundt flaggbruken, sjølv om både MDG og SV løfta spørsmålet. Lekven blei stemt inn som vikarierende varaordfører. Lekven sjølv nekta å fjerne flagget då han blei oppmoda til det, og uttalte i Os & Fusaposten at «– Nei, eg let meg ikkje pressa til å vera ein annan enn den eg er.» Difor spør eg: Kven er det?

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Lekven valt til varaordførar. Spurt om han var villig til å ta ned sørstatsflagga sine
Les også
Vikarens første dag på jobb: – Eg let meg ikkje pressa til å vera ein annan enn eg er

Konføderasjonsflagget, eller sørstatsflagget, har på sitt beste ei tvilsam historie. Flagget blei til under borgarkrigen i USA og brukt av sørstatane som kjempa for å halda på slaveriet. Berre der skurrar det for bruken i norsk samanheng. Sympatiserer Lekven med sørstatane? Eg trur ikkje han gjer det, men han tviheld på flagget.

I 1940 blei flagget igjen tatt i bruk av «Dixiekratane», eit nasjonalistparti som var imot raseblanding. Samstundes blei det meir og meir brukt av Ku Klux Klan. Sympatiserer Lekven med nokre av desse? Det trur eg ikkje han gjer, men han tviheld på flagget.

Les også
Flaggsaka:– Betinga tillit er ikkje nok tillit, etter mitt syn
Les også
Har meldt seg ut av Senterpartiet: – Det var ingen veg utanom

Dei seinaste åra har flagget vore i bruk av fleire høyreradikale grupperinger i USA. Mest kjent er nok Proud Boys, som er ei ekstrem, rasistisk gruppe som også var ein del av storminga av Capitol-bygningen i USA 6. januar 2020. Ei storming der flagget var flittig brukt. Sympatiserer Lekven med Proud Boys? Eg trur ikkje han gjer det, men som dei, tviheld han på flagget.

I Noreg og Sverige har redneck-kulturen og amcar-miljøa brukt konføderasjonsflagget i forbindelse med treff og festivalar. Det er tradisjonelt ikkje blitt brukt som noko rasistflagg her, men etter Charlestonmassakren i 2015 og Black Lives Matter-protestane, blei flagget forbode på NASCAR-stemne og andre countryfestivaler i USA. Difor har også mange miljø i Noreg valt å slutte å bruke flagget. I motsetning til Lekven, tviheld ikkje dei på flagget.

Les også
Samarbeidspartnarane om `flagg-saka´: – Vi er samde om politikk. Det er det viktigaste

Eg kjenner ikkje Harald Lekven. Eg kan berre bedømma han ut ifrå det han gjer. Difor spør eg, kvifor bruker Harald Lekven konføderasjonsflagget?

Han seier sjølv: «Sidan denne diskusjonen kom opp sist, har eg lese mykje om temaet, borgarkrigen og konføderasjonsflagget. Eg kunne diskutert mykje kring tydinga, men eg meiner me ikkje skal bruka tid på dette no.»

Kva for ein av desse historiske tydingane er det han har lese seg opp på og støttar?

Harald Lekven får utbetalt løn av skattebetalarane. Harald Lekven skal vere eit førebilete for borna i kommunen. Å køyre rundt med konføderasjonsflagget med den rasistiske historia det har, er ikkje ein varaordførar verdig. At Ap, Sp, Frp, KrF og Høgre synest det, er ein skam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje for seint å fjerne flagget. Ein blir ikkje mindre mann av å innrømme feil.

Alexander Sviland Fjeldstad

Lærar

Medlem av MDG