Ingen ny idé: Ideen om hotell på Skjørsand er på ingen måte ny. Hotel Granly vart bygd tilbake i 1899.

Eit storhotell på Skjørsand vil gje Fusa-delen av kommunen eit enormt oppsving

Det er berre å sjå til andre storhotell langs kysten og kor mykje aktivitet dei skaper rundt seg.

I mange år har planane om eit hotell på Skjørsand lagt stilt. No er det gang på prosjektet igjen. Eigarane av tomta ynskjer å byggja eit hotell med kring 200 rom fordelt på 14.000 kvadrat. Det vil i så fall bli kommunens største hotell.

Eit slikt storhotell vil gje Fusa-delen av kommunen eit enormt oppsving. Svært mange arbeidsplassar skal fyllast gjennom reinhald, underhaldning, opplevingar rundt hotellet og gjestar som skal ha mat. Dette vil også skapa arbeidsplassar i andre næringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan sjå til andre storhotell langs kysten og kor mykje aktivitet dei skaper rundt seg. Gjestar sit ikkje berre inne på rommet. Dei vil også ut og oppleva ting.

Les også
I 2018 vart det full stopp. No skal hotellplanane handsamast på ny

«Rein» næring

Eit hotell skaper arbeidsplassar som forureinar lite i motsetnad til mykje anna industri. Som regel er det flotte omgjevnader rundt hotella, og hotella i seg sjølve gjev relativt lite støy.

Eg er litt forundra over kor lite begeistring det er i delar av det politiske miljøet for å få eit storhotell i Fusa. Tømmerkaien på Samnøy har alle snakka varmt om i det vide og det breie, men denne skaper knapt ein einaste arbeidsplass. Det er tømmerbilsjåførane som styrer på kaien, og mannskapet på tømmerbåtane lastar sjølve om bord.

Les også
Slik stiller politikarane seg til hotellplanane på Skjørsand

Eit storhotell vil bli eit lokomotiv i denne delen av kommunen, og skapa aktivitet på mange område.

I staden er det tydelegvis viktig for delar av kommunestyret å downsiza - som det heiter så fint - dette prosjektet mest mogleg.

På Os-sida er viktigast å satsa størst mogleg for å få mest mogleg effekt, som til dømes i Lyseparken. Når det gjeld Skjørsand-hotellet, er det tydelegvis viktig å få det så lite som mogleg.

SV har konkludert med at dersom ein fordeler dei 14.000 kvadrata utover 70 x 20 meter grunnflate, vil hotellet få 10 etasjar, og det går slett ikkje an.

MDG er mest opptatt av at det nye hotellet eventuelt nyttar opp igjen mest mogleg gamal plank.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vil blåsa liv i storstilte hotell-planar. Sjå dei nye skissene

Etter mitt syn må ein heia fram eit så stort hotell som mogleg. Jo større hotell, jo fleire arbeidsplassar både på hotellet og rundt. At nokon faktisk vil byggja eit kjempehotell på Skjørsand, synest eg oppriktig er fantastisk. Planane burde vore bejubla heller enn downsizing og flisespikkeri om gamle kledningsbord.

Ein kan demontera det som er brukbart, og så kan det heller nyttast andre stader.

Samfunnsnytta må telja meir

Medaljen har sjølvsagt ei bakside. Mange på Skjørsand vil få forringa utsikt. Nokre vil få mykje dårlegare utsikt og vil kanskje sjå inn i ein hotellvegg på baksida. Det vil bli vesentleg meir trafikk, og mykje meir folk i bygda.

Trafikkstøy er for øvrig eit noko forbigåande problem, då nesten alle snart har elbil. Men eg meiner at eit slikt prosjekt har så mange vesentlege fordelar at samfunnsnytta må telja mykje her.

Noko skal me leva av i Fusa i framtida også. Det som vert viktig, er å sikra at det ikkje endar opp som eit leilegheitsbygg, men blir bygd og drifta i stor grad som eit hotell.

Mange seier dette er eit luftslott, men det er bygd ein del luftslott i Norge dei siste åra, og mange av dei går som det susar.

Norge som ferieland kan bli stort framover med den kronekursen me har for augneblinken. Om hotellet går konkurs ein gong eller fire, er det no ein gong kome opp, og andre vil driva vidare.

Viggo Nonås