Svak styring: Fleritalskonstellasjonen beståande av Ap/Sp/KrF/MDG med SV som støtteparti, har gradvis smuldra opp. Det har gitt svak politisk styring og manglande retning for kommunen.

Eitt år til kommunevalet

I dag er det nøyaktig eitt år til kommunevalet 2023. Vi veit at mange ser fram til valet, og i Frp er vi klare til å få fart på Bjørnafjorden igjen.

Åra etter kommunevalet i 2019 har diverre vore krevjande for Bjørnafjorden. Fleritalskonstellasjonen som vart etablert den gong, beståande av Ap/Sp/KrF/MDG med SV som støtteparti, har gradvis smuldra opp. Det har gitt svak politisk styring og manglande retning for kommunen. Det politiske landskapet er lite føreseieleg, og det pregar etter kvart heile den kommunale organisasjonen.

Kommunen står framleis overfor store utfordringar, ikkje minst økonomisk. Tøffe prioriteringar ligg framfor oss, og ein må framleis arbeida for å byggja ein felles identitet for Bjørnafjorden. Gode velferdstenester nær innbyggjarane er avgjerande for at vi skal lukkast. Det same er vekst og utvikling i heile kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Frp er klar til å ta fatt på jobben. Til liks med dei andre partia jobbar vi no med kommunevalliste og valprogram for perioden 2023-27. Med ein krevjande kommuneøkonomi kan vi ikkje lova gull og grøne skogar til alle. I åra framover må primærtenestene barnehage, skule, helse og omsorg prioriterast, og det vert truleg lite rom for det som er kjekt å ha.

Det vi likevel kan lova, dersom vi får tillit neste år, er tydeleg politisk styring og leiarskap, JA-haldning i arealsaker, null eigedomsskatt og ein kommune som verkeleg vil noko. Ein kommune som er framoverlent, og som samarbeider godt med frivilligheita og private om å skapa aktivitet i heile Bjørnafjorden. Ein kommune som seier JA om ikkje vi har god grunn til å seia nei.

Vi har mykje ressursar i kommunen vår. Solide verksemder, eit rikt lags- og organisasjonsliv og om lag 25.000 ressurssterke innbyggjarar. I haust opnar også ny E39 Os-Bergen. Det vil gje nye vekstimpulsar til heile kommunen, også aust om fjorden. I fellesskap har vi alle føresetnader for skapa ein attraktiv kommune - framtidas Bjørnafjorden kommune.

Vi er klar, og vonar at de også er klare 11.september 2023!

Terje Søviknes

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Frp