MDG: — Men naturkrisa er reell, klimakrisa er reell, og dei treng begge langt fleire tiltak enn det vi har fått gehør for så langt, meiner Nils-Anders Nøttseter.

Ekstremvêr: Intakt natur er vårt viktigaste vern

Sommaren og dei siste dagane viser oss at både tørke og nedbør kjem i ekstreme variantar.

Det er i tråd med klimaprognosane at vi vil oppleva endå meir av dette i framtida. At nokre område opplever både to og tre 50-årsflaumar på få år, er eit tydeleg varsko. Men det er diverre ei varsla beredskapskrise som fleire regjeringar ikkje har tatt seriøst nok.

Dei siste tiåret har talet på naturskadehendingar auka med 169 prosent ifølge If og Cicero, og Vestlandet blir mest råka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden kommune har ein klima- energi- og miljøplan med gode visjonar, men den må følgjast opp med tiltak.

Vi må mellom anna sikra gode vassvegar og ikkje laga for store flatar med asfalt og bygg, vi må opna elvane våre som også er bra for naturmangfaldet og vi må verna meir myr som er naturens eigen dreneringskum og karbonlager.

Miljøpartiet Dei Grøne har sidan vi fekk plass i Os kommunestyre for første gong i 2015, sett fokus på dette. Vi har foreslått ei lang rekkje tiltak og fått gjennomslag her og der. Men naturkrisa er reell, klimakrisa er reell, og dei treng begge langt fleire tiltak enn det vi har fått gehør for så langt.

På Stortinget foreslår MDG no å setja av éin milliard ekstra til NVE til flaum- og skredsikring.

Bjørnafjorden må planleggja for meir ekstremvêr når vi no utviklar kommunen vidare med ny arealplan. Intakt natur er rett og slett vårt viktigaste vern. Klima, miljø og gode liv heng saman.

For alle, for alltid!

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden

Artikkelen held fram under annonsen.