Oppløysing: Eg er lei meg for at fagmiljøet på Crux Vindfanget ved ei nedlegging av verksemda, vil gå i oppløysing.

Endelikt for Crux Vindfanget?

Lojalitet er eit vakkert ord. Spørsmålet er kven den er retta mot.

Kommunestyret i Bjørnafjorden vil i møte 14. desember handsama budsjett for 2024, herunder ulike innsparingstiltak for å få budsjettet i balanse. Mange ulike tiltak og tenester vil bli vedteke nedjusterte, barberte eller tekne bort.

Eitt av desse er oppseiing av kommunen sin avtale om driftsstøtte til Crux Vindfanget. Dermed er det ein reell fare for at Vindfanget blir lagt ned i løpet av neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er lei meg for at Bjørnafjorden kommune er komen i ein situasjon der politikarane må skjera ned på mange gode tiltak for innbyggjarane.

Eg er lei meg på vegner av alle dei som blir råka av desse nedskjeringane, herunder pasientar, brukarar og pårørande.

Eg er lei meg for at fagmiljøet på Crux Vindfanget ved ei nedlegging av verksemda, vil gå i oppløysing.

Eg er spesielt lei meg for målgruppa til Crux Vindfanget som vil mista verdifull bistand og førebuing til skule og arbeidsliv.

Les også
Underteikna ny avtale i juni. Fire månader seinare kom meldinga om at tilbodet igjen står i fare

Eg trur ikkje på leiinga ved NAV Bjørnafjorden når dei påstår at dei vil kunna erstatta Crux Vindfanget med statlege tiltaksarrangørar innan kvalifiseringsprogrammet og slikt sett oppnå same kvalitet på arbeidet.

I tillegg til arbeidstrening, gjev Crux Vindfanget tett og koordinert oppfølging med fokus på familie/nettverk, bustad, aktivitet, økonomi og helse. Lokalkunnskapen representerer dessutan ein viktig ressurs.

NAV vil ikkje vera i stand til å oppnå same kvalitet gjennom andre tiltaksarrangørar med mindre innsatsen blir tilført ekstra ressursar rundt den enkelte deltakar. I så fall vil oppseiing av driftsstøtte til Crux Vindfanget vera meiningslaust.

Eg er lei meg for at administrasjonen i Bjørnafjorden kommune står på nemnde framlegg om oppseiing - og grunngjeving for oppseiinga, når ein seinast i fjor fekk tilbakemelding frå leiinga ved NAV Bjørnafjorden om at arbeidet på Crux Vindfanget var verdifullt og eineståande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis høyrer vi frå NAV om at «ingen har så tett oppfølging av deltakarane som Vindfanget har, og samstundes så nært samarbeid med NAV».

Forøvrig viser Crux Vindfanget sine eigne brukarundersøkinger at verksemda skårar høgt på koordinering, tett oppfølging, respekt og medmenneskelegheit, og bidrag for å halda dei borte frå rus og kriminalitet.

Lojalitet er eit vakkert ord. Spørsmålet er kven den er retta mot. I denne samanheng er eg som frivillig medarbeidar på Crux Vindfanget på lag med brukarane, ja, fordi eg som medmenneske ser verdien av den innsatsen som vert gitt her.

Og derfor blir eg oppriktig lei meg viss Crux Vindfanget blir lagt ned.

Jan Rune Bakke