Skjulte utgifter: Me trur sentraliseringa vil gje skjulte utgifter, reelle samfunnsmessige kostnader som ikkje er rekna inn.

Er det borna som skal betala prisen for lite pengar i kommunekassen?

Etter å ha lese PWC-rapporten som dannar grunnlaget for skuledebatten, stiller me spørsmål ved om dette med skulenedlegging er nok gjennomtenkt?

Er det borna som skal betala prisen for lite pengar i kommunekassen? Skal foreldre som vel den offentlege skulen verkeleg måtta køyra borna sine frå t.d. Strandvik til Eikelandsosen for å nå SFO før dei må skunda seg tilbake for å nå ferja og rekka jobben på bysida?

Me uroar oss over at barneborna våre møter aukande biltrafikk, manglande fortau og fotgjengarovergangar ved av- og påstiging på bussen. Like eins er me bekymra for at lange bussreiser og større klassar vil verka negativt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er også redde for at Fusa-bygda vert tappa for “sosial kapital”, med mindre tilflytting som gjer at alderssamansettinga går feil veg. Me trur sentraliseringa vil gje skjulte utgifter, reelle samfunnsmessige kostnader som ikkje er rekna inn. Kven skal ta denne rekninga?

I lengda vil ikkje dette kunna fungera verken for born eller foreldre. Er det slik me vil ha det?

Støtt opp om barnebarna våre og Fusa skule!

Bestemødrer på Fusa-sida

Vigdis Gjerdevik, Liv Hult, Annbjørg Laupsa, Kirsti Samnøy, Aud Tveit