Store konsekvensar: For Hålandsdalen leirskole vil det potensielt få store konsekvensar om desse forslaga blir vedtekne.

Er det verkeleg sant? Ingen beredskap?

Kan det verkeleg stemme at dagens brann- og legevaktordning blir sett på som utdatert?

Det er med eit aldri så lite sjokk at me i personalet ved Hålandsdalen leirskole registrerer at det er fremma forslag om nedlegging av heilt sentrale beredskapstenester i vår del av Bjørnafjorden kommune. Kan det verkeleg stemme at dagens brann- og legevaktordning blir sett på som utdatert, ikkje viktige lenger eller så lavt prioritert at det like godt kan leggjast ned? I tillegg har me den kommunale brøyteberedskapen som berre skal vera operativ i kontortida?

For Hålandsdalen leirskole vil det potensielt få store konsekvensar om desse forslaga blir vedtekne. Lat oss sei at brannalarmen går på leirskulen ein tysdag kveld i november, altså ei vanleg skuleveke. Det er kraftig røykutvikling i eine delen av bygningen. Naudnummer brann blir kontakta og utrykking sett i aksjon. Vår eigen evakueringsplan av 82 elevar, ni lærarar og fire kokkar og kjøkkenassistentar går tilsynelatande slik den skal, men ved oppteljing av elevar manglar det to stk. Naudetatane blir kontakta på ny med opplysningar om to sakna personar. Me får til svar at lokal innsatsleiar frå brann er på veg, men røykdykkarar er ikkje tilgjengeleg lokalt, men må kallast ut frå nabokommunar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dømet ovanfor er heilt klart ein mogleg konsekvens av forslaget som no er fremma.

Hålandsdalen leirskole er eigd og drifta av Bergen kommune og det har den vore i over 40 år. Årleg tar me i mot rundt 3.000 elevar og eit par hundre lærarar tilhøyrande skular i Bergen. Kvar skuleveke gjennom året kjem bussar med elevar inn på tunet måndag føremiddag og reiser tidleg fredag ettermiddag. Undervisninga på leirskulen er ferdig kl 17 i vekedagane. I tillegg er det eigne opplegg med kveldsaktivitetar for elevane.

Det er ikkje heilt uvanleg at elevar har behov for bistand frå legevakt til alle døgnets tider, men ein av konsekvensane av forslaget som er fremma, er at dette beredskapstilbodet vert redusert.

I tillegg gjennomfører me sommarleirar for born og ungdom som treng fysisk og psykisk tilrettelegging – her med eigne leiarar buande på huset. Både brukarar og leiarar kan sjølvsagt òg ha bruk for legevakt både dag, kveld og natt – særleg viktig er dette for brukarane som kan ha samansette diagnosar og utfordringar. Med nytt forslag vedteke, vil heller ikkje denne beredskapen lenger vera til stades slik som i dag.

Til sist ser me at den reduserte brøyteberedskapen vil få store konsekvensar for drifta hos oss vinterstid. Det eine, og viktigaste, er total mangel på bortimot all form for beredskapstenester (brann, politi, ambulanse) på ettermiddags- og kveldstid når den kommunale vegen inn til leirskulen vert nedsnødd. Det andre er at vårt vintertilbod til undervisning vil bli kraftig redusert. Me nyttar Bygdastølen ski- og tursenter to-tre gonger i veka i vinterperioden, med retur til leirskulen med buss sein ettermiddag. Dersom dei kommunale vegane ikkje vert brøyta etter kontortid, står me i fare for ikkje å få våre elevar inn igjen på tunet.

Forslaget som no er lagt fram, vil altså få store konsekvensar for oss på leirskulen. Me ber derfor kommunepolitikarane i Bjørnafjorden kommune om å ta sitt ansvar på alvor og syta for at både fastbuande i Bjørnafjorden og tilreisande til leirskulen kan oppleva kvardagen sin som trygg – både på dagtid, om kvelden og om natta.

Utdanningsforbundet ved Hålandsdalen leirskole

Fagforbundet ved Hålandsdalen leirskole