No hastar det: - I denne saka må Noreg vera eit foregangsland. Me bør vera raskt ute og flagga at me tek vår del av ansvaret.

Evakuér Moria: - Bjørnafjorden Ap reagerer sterkt på partiet sentralt

Bjørnafjorden Arbeidarparti reagerer sterkt på at partiet sentralt ikkje stiller seg bak den europeiske dugnaden om å evakuera barn og unge frå leirane i Hellas, og særskilt den mykje omtalte Morialeiren.

No hastar det. I denne saka må Noreg vera eit foregangsland. Me bør vera raskt ute og flagga at me tek vår del av ansvaret. Slik kan det også verta lettare for andre land å stilla seg bak.

Moria vart bygd med kapasitet for 2.000 menneske, men no lever det 20.000 der. Mange av desse er særskilt sårbare barn, unge og einslege mindreårige. No når koronaviruset er påvist på øya Lesbos, hastar det med å finna ei løysing på situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier seg sjølv at smittebegrensande tiltak som er utfordrande i vår situasjon, vil vera tilnærma umoglege å gjennomføra under slike forhold. Nettopp derfor er det viktig å gripa inn før pandemien slår ut for fullt. Du kan ikkje vaska hendene dine når du ikkje har tilgang på reint vatn og såpe. Du kan ikkje halda deg heime når du ikkje har ein trygg heim, og du kan ikkje isolera deg når du bur i ein overbefolka flyktningleir.

Borna i Moria er fanga i leiren - under kritiske forhold utan naudsynt omsorg, med manglande sikkerheit og elendige sanitære forhold. Dei har ingen stader å gå, og får heller ikkje noko ekstra hjelp.

Hellas kan ikkje stå aleine med ansvaret for flyktningstraumen til Europa, og vi hadde forventa at solidaritetspartiet Arbeiderpartiet var eit av partia som gjekk føre og kravde handling frå den norske regjeringa.

Det er skuffande å sjå at partiet fjernar seg frå det som er dei grunnleggande verdiane i arbeidarøyrsla: Fridom, likskap og brorskap – samt det som bind oss saman; internasjonal solidaritet. Verdiar som i lang tid har vore, og som stadig er under angrep i Europa og verda.

Noreg har kapasitet og midlar til å ta imot fleire, og dette burde Arbeidarpartiet gått i spissen for. Evakuer Moria no!

Styret

Bjørnafjorden Arbeidarparti