Ikkje trygt: Å bu i Bjørnafjorden med adresse i Fusa kjennes ikkje trygt om dagen.

Finn fram megafonen!

Me kjenner at det er tida for å brøla, og heva røysta for alle dei som bur på aust-sida i Bjørnafjorden

Det er viktig for oss å få fram at dette lesarinnlegget ikkje er ein ny Os-Fusa-debatt, og at me anerkjenner at også mange på Os-sida har lang veg til legevakt og blålysetatar.

Å byggja to gamle kommunar til éin, betyr ikkje å samla alt på ein plass, kjære ordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt kan ikkje skje i sentrum.

Me som bur i utkantane høyrer også til, og treng å ha forsvarlege helsetenester nærare der me bur. Me vil ikkje vera redde for at nokon me er glade i ikkje får den hjelpa dei treng om dei blir akutt sjuke, eller kjem ut for ei alvorleg ulukke.

Å bu i Bjørnafjorden med adresse i Fusa kjennes ikkje trygt om dagen. Etter at Høgre og Framstegspartiet la fram sitt budsjettforslag innser me diverre, men ikkje overraskande, at me på andre sida av fjorden kjem dårlegast ut.

Det vil kanskje liggja på knivseggen til kva som er lovleg og forsvarleg sa varaordførar Marie Bruarøy i formannskapsmøte på torsdag, men då er me villige til å gjera justeringar etter kva som er naudsynt.

Les også
– Kall det gjerne å riva ned eit korthus og byggja det opp igjen. Det er i alle fall heilt naudsynt

Kortid blir det naudsynt, og kva sjansar er de villige til å ta?

Å fasa ut ei velfungerande legevaktteneste i Eikelandosen er uforsvarleg, og kan bli direkte farleg. No har me endeleg ei ordning der innbyggjarane, næringsliv og helsepersonell kjenner på tryggleik og stabilitet.

Korleis er dette tenkt i praksis? To legar på Moberg? Det er fortsatt like lange avstandar, og ein fjord imellom til Lygrepollen og Strandvik når det verkeleg gjeld. Me meiner det er betre å ta grep med å optimalisere tenesta, og ta ned utgiftene, enn berre å setja strek og leggja ned. Å seia at legevatktenesta i Eikelandsosen ikkje er berekraftig, slik Terje Søviknes sa, held ikkje. Er det ei tid for å bruka sparepengane til kommunen, så er det no.

Les også
Brannsjefen: – Dette vil skapa bølgjer internt

I tillegg vil Høgre og Frp kutta vaktlagsordninga på brann og redning. Ho er brukt lang tid på å byggja opp og fungerer endelig som den skal. Me må ha respekt for kompetanse, og å rekruttera til denne tenesta er heller ikkje lett. Om vaktlagsordninga vert lagt ned, betyr det i verste fall at ein uttrykningsleiar kjem åleine til ei ulukke, eller ein brann. Kva om ambulansen då er på Voss, og luftambulansen ikkje kan letta grunna grått vèr? Det blir for store belastningar for dei tilsette, og for mykje tilfeldigheiter ved akutte hendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I valprogrammet til Frp kan ein lesa om at dei vil sikra lokal legevakt i Eikelandsosen, prioritere helse, og vilje til byggja heile kommunen. Valløftet er allereie etter nokre veker ramla mellom to stolar om budsjettforslaget som no er lagt i bordet frå dei blå, blir ein realitet. Fusa-delen av Bjørnafjorden sit att med Svarteper.

Les også
Endå fleire kutt i Frp og Høgres budsjettforslag: – Legevaktordninga er ikkje berekraftig

Det høyres flott ut å seia at ein vil reetablera ein JA-kommune, ta heile kommunen i bruk, og leggja til rette for bustadbygging også i bygdene. Men er det faktisk ei reell JA-haldning til bygdene om ein legg ned legevakta og vaktlagsordninga? Om folk ikkje har tilgang på nødvendige helsetenester, og kjenner på tryggleik for seg og sine, trur me ikkje at folk vil busetja seg og slå rot her. Då får me heller ikkje den utviklinga me ynskjer.

Me ser med håp og optimisme fram mot kommunestyremøtet den 14. desember. Budsjettforslaga kan fortsatt endrast. Me håpar at den trygge styringa Høgre og Frp lova i valkampen gjeld for alle i heile Bjørnafjorden.

Det er ikkje for seint å snu.

Line Furubotn Storum

Kommunestyrerepresentant Ap

Richard Markhus

Kommunestyrerepresentant Ap

Artikkelen held fram under annonsen.