Fjellheim – framtidas rock 'n' roll redningsplanke
Det er ikkje berre ein bygning de vurderer å riva – det er draumane til både tenåringar, nostalgiske dansepar og framtidige rockestjerner som står i fare her!
Kjære politikarar og sambygdingar,
Eg har nett lese Tore Moberg sitt innlegg om Fjellheim, og eg må berre seia: Om de verkeleg tenkjer å riva denne kulturjuvelen, så bør me kanskje setja opp eit ekstra fond til psykologhjelp for oss som får hjartesorg.
Artikkelen held fram under annonsen.
For det er ikkje berre ein bygning de vurderer å riva – det er draumane til både tenåringar, nostalgiske dansepar og framtidige rockestjerner som står i fare her!
Fjellheim – ungdomens fristad (og foreldras redning)
Først og fremst, lat oss ta ein reality check: Alle ungdomar er ikkje Zlatan på grasmatta eller Picasso med penselen.
Ein del av dei – la oss vera ærlege – vil heller spela el-gitar på full guffe eller øva på monologen til neste teaterframsyning.
Kva skjer om me ikkje gir dei ein plass å utfolda seg? Dei endar i kjellaren med ein energidrikk i eine handa og eksistensiell krise i den andre.
Med Fjellheim kan me gje desse ungdomane ein stad å vera – ein rockeklubb, ein scene for standup, gamingturneringar, kunstutstillingar, dans og kanskje til og med ein kursserie i korleis ein lagar TikTok-videoar som faktisk er morosame. (Ja, for det må dei òg læra.)
Framtidige sparingar: Ei god investering
Men ok, politikarar likar tal, ikkje sant? Så lat oss snakka kroner og øre.
Ein tenåring på skråplanet kan kosta kommunen millionar i rusomsorg, psykiatri og diverse oppfølging.
Ein tenåring med ein el-gitar og eit band som spelar i Fjellheim? Vel, den kostar kanskje litt straum, men det er ein billegare veg til suksess. Og kanskje blir han eller ho den neste Kygo, og så kan me stolt seia: “Det byrja i Fjellheim!”
Artikkelen held fram under annonsen.
Finansiering – kvar finn me pengane?
Eg veit de no sit der med kaffikoppen og tenkjer: “Jaja, men kven skal betala for moroa?”.
Slapp av, eg har ein plan:
1. Lokale sponsorar: Er det nokon som verkeleg vil sjå Fjellheim blomstra, så er det næringslivet i Os. Litt reklame på ein plakat her og der, og vipps, så rullar pengane inn.
2. Kulturelle støtteordningar: Kulturrådet og andre fond likar kulturhus som samlar ungdom. Dei likar dei faktisk så mykje at dei kastar pengar etter dei.
3. Crowdfunding: Me veit alle at osingar har store hjarte. Tenk ein kampanje: “Bevar Fjellheim – eller risiker at ungdomen byrjar å henga utanfor Spar!” Det burde få folk til å vippsa.
4. Dugnadsånd: Me snakkar jo om Os! Her har me folk som kan svinga både ein hammar og ein kost, berre dei får servert ein kopp kaffi og litt småkaker.
Ei framtid for alle
Så, kjære politikarar, eg ber dykk med glimt i auget og handa på hjartet: Ikkje lat Fjellheim stå og forfalla.
Lat oss i staden pussa opp og gi bygget ei ny rolle – som limet i lokalsamfunnet. Fjellheim kan bli staden der ungdomen møter vener, utfaldar seg kreativt, og foreldra kan pusta letta ut fordi dei veit kvar ungane er.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så kva seier me, osingar? Skal me gje Fjellheim eit nytt kapittel? Eller skal me berre late som om Os Aktiv kan romma både fotballspelarar, rockarar, teaternerdar og danseløver – alt på ein gong?
Svaret er like sjølvsagt som å ta på seg ullundertøy i februar.
Med humor, alvor og mykje tru på Fjellheim,
Arild Hatland
Ein stolt osing som meiner Fjellheim bør rocka vidare!