Stor tru: Vi har stor tru på at Skaparstovo skal lukkast med prosjektet sitt, og kryssar fingane for at dette også blir siste akt i Fjellheimsaka.

Fjellheim - siste akt

Etter relativt kort betenkningstid trekte vi i Bevar Fjellheim vår søknad om leige av Fjellheim, og sende stafettpinnen vidare til Skaparstovo og prosjektet Fjellheim Kulturverkstad.

5. oktober presenterte Bevar Fjellheim (BF) og Skaparstovo planane sine for oppgradering og drift av Fjellheim for ad-hoc-utvalet i kommunehuset.

Les også
Har to aktuelle leigetakarar til Fjellheim. Har utfordra dei på å samarbeida
Les også
To interessentar hadde meldt seg då fristen gjekk ut

Skaparstovo

Marte Lene Klafstad og Daniel Klafstad presenterte først Skaparstovo sitt makerspace konsept som dei ønskjer å flytta frå Osøyro og opp i underetasjen i Fjellheim. Resten av bygget blir utleigd til lag og organisasjonar etter retningslinjer som ad hoc-utvalet hadde tatt med i innbydinga til søkarane. Det var ein flott og spennande presentasjon (sjå meir om Skaparstovo i Os & Fusaposten 11. februar 2020).

Artikkelen held fram under annonsen.

BF har tidlegare hatt møte med Skaparstovo, og uttrykt at planane til Skaparstovo som fast leigetakar i bygget kunne bli eit bra konsept, bl.a. fordi huset blir brukt på dagtid. Dei lanserte namnet Fjellheim Kulturverkstad som passa godt til innhaldet som var planlagt i bygget.

Les også
Har sett frist for Fjellheim-interessentar. Dette er krava

Bevar Fjellheim

Vi i BF synte bl.a til kostnadar på nødvendige oppgraderinger etter rundane vi har hatt i Fjellheim med fagfolk.

I utgangspunktet hadde vi ikkje med Skaparstovo i kjellaretasjen sidan vi tidlegare hadde fått informasjon om at det ikkje var ønskjeleg med faste installasjonar i bygget.

Sidan dette ikkje var eit absolutt krav, meinte vi også at ein fast leigetakar som Skaparstovo med fokus på kreativitet og skaparglede, kunne bidra til å skapa noko nytt og spennande i bygget.

Fjellheim Kulturverkstad – ei god løysing

BF-gruppa har i etterkant hatt møte med Skaparstovo der det vart uttrykt at dei ønskte å ha sine «eigne folk» i prosjektet Fjellheim Kulturverkstad med Skaparstovo som leigetakar i underetasjen, og utleige av resten av bygget til frivillige lag og organisasjoner i tråd med ad hoc-utvalet sine krav til utleige.

Etter relativt kort betenkningstid trekte vi i BF vår søknad om leige av Fjellheim, og sende stafettpinnen vidare til Skaparstovo og prosjektet Fjellheim Kulturverkstad.

Vi har stor tru på at Skaparstovo skal lukkast med prosjektet sitt, og kryssar fingane for at dette også blir siste akt i Fjellheim-saka.

Vi i BF takkar alle som har støtta oss i desse åra, og ei ekstra stor takk til fagfolka som stilte opp i Fjellheim dei gongene vi fekk tilgang til bygget. Desse er bl.a: Sverre Samdal(vass/avløp osb), Leif Østrem (Byggteknikk), Kjell Røttingen (Mur og diverse), Jo Inge Bjørø (ventilasjon og diverse), Jan Erik Rød (elektro), Per Moberg (elektro), Rolf B. Moberg (arkitektur og diverse) og Espen Storum (Bjørnafjorden brann og redning), m.fl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tore Moberg

Bevar Fjellheim