For innbyggjarane: Vi skal aldri gløyma at vi er her for innbyggarane, ikkje motsett.

For eit år! Eit tilbakeblikk på 2021

Eg ønskjer å byggja Bjørnafjorden kommune ilag med innbyggarane, med næringslivet, lag og organisasjonar og sjølvsagt i lag med dei tilsette.

Dei har jobba, dei har slitt. Dei har stått på seint og tidleg. Dei har tatt ekstravakter og timer og strekt strikken langt. Når kollegaen har måtta bli heime i karantene, har dei steppa inn. Alt for å gje eit best mogleg tenestetilbod til innbyggarane våre.

Eg vil starte med å hylla kvar og ein av medarbeidarane mine i heile Bjørnafjorden kommune uavhengig av stillingsstorleik, arbeidsområde eller arbeidsstad for den innsatsen dei har lagt ned under pandemien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi trudde 2021 var året kor kvardagen igjen skulle bli normal, men slik blei det ikkje. Etter ein roleg sommar slo nye bølgjer med korona og smitteverntiltak inn over oss. Eg skal glatt innrømma at det gjekk utover motivasjonen å ikkje kunna møta kollegaene i gangane på rådhuset og ute på tenestestadene. At vi framleis måtte halda fram å berre møtast via skjerm og på Teams var tungt.

Difor er eg så imponert over den innsatsen som har blitt lagt ned frå alle i Bjørnafjorden kommune for å gje eit best mogleg tenestetilbod til innbyggarane våre uavhengig av kva rammevilkår vi har jobba under. De har stått i stormen, og de har stått støtt. Det same gjeld dei tillitsvalde og vernetenesta som har vist klokskap, mot og rausheit i den situasjonen vi har vore i.

No håper eg at vi i løpet av 2022 endeleg kan seie at pandemien er over (bank i bordet) og at vi endeleg kan ta skikkeleg tak i arbeidet med å byggja ein felles kultur, ein felles måte å gjera ting på, ein felles måte å møta innbyggarane på uavhengig av kor dei bur i kommunen eller kva teneste dei treng frå oss.

Vi skal aldri gløyma at vi er her for innbyggarane, ikkje motsett.

Ein ting pandemien har gitt oss, er betre og større kunnskap i bruk av digitale verktøy. Dette blir viktig i det vidare arbeidet. Det har også vore viktig i løpet av 2021 kor vi har jobba med og implementert fleire nye digitale løysingar i vårt møte med innbyggarane.

Vi har jobba mykje med å gjere heimesida betre. Vi har tatt i bruk Frontdesk, slik at innbyggarane kan booka time hos oss anten dei har ei bygge-, plan- eller oppmålingssak. Eller om dei treng rettleiing eller å møta nokon innan psykisk helse og rusomsorg, barnevernet eller på Ung Arena.

Tilbakemeldingane eg får er at dette har blitt godt mottatt og at fleire i mange tilfelle ønskjer eit digitalt møte med oss i staden for å måtta bruka tid og krefter på å ta seg fysisk til oss. Når det er sagt, så er det viktig for meg å understreka at sjølv om vi blir meir digitale, så skal vi framleis vera her for innbyggarane og framleis møta dei som ønskjer det fysisk.

Men også der blir det endringar, særleg i dei reine kontorbygga våre. Kanskje vil innbyggarane no møte ein terminal kor dei melder frå direkte til saksbehandlaren at dei har kome, i staden for at nokon sit og tek i mot dei og formidlar denne kontakten. Slike løysingar ser vi mange andre stader, og dei fungerer. Det føler eg meg trygg på at den kjem til å gjera også hos oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fokus på den økonomiske stoda og arbeidet med å gjennomføra Bjørnafjorden 22 har stått særs sentralt gjennom heile 2021. I prosjektet sette vi som mål at vi skulle ned 37 millionar kroner i løpet av året. Det har vi i det store og heile klart, men samstundes står det att å realisera ein reduksjon i driftskostnadane i 2022 med ytterlegare 43 millionar. Dette er eit tøft mål å nå. Vi har tatt ned årsverk både i administrasjon og i tenesteytinga. Vi skal ikkje gløyma at det er ei rekkje lovpålagte oppgåver vi som kommune skal oppfylla. Ikkje berre i direkte tenesteyting mot innbyggarane, men også når det kjem til arkiv, internkontroll, HMS, innkjøp og økonomi.

Eg kan jo ikkje anna enn å gle meg over at vi gjer opp årsrekneskapen med eit netto driftsresultat på 157,8 millionar kroner, ein resultat grad på 6,55% og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 84,8 millionar kroner. Men, samstundes vanskeleggjer det kommunikasjonen om at vi skal trekka ned driftsutgiftene ytterlegare i åra som kjem.

Det er difor viktig å hugsa at det gode resultatet i hovudsak skuldast skatt/skatteutjamningsmidlar som følgje av ein formidabel skatteinngang i heile kommunesektoren og eit særs godt resultat frå finansporteføljen vår. Dette er ikkje inntekter vi kan rekna med blir like høge i åra som kjem. Difor må vi halda att, vera nøkterne og tilpassa drifta vår til dei «faste» inntektene våre, så kan vi gle oss kvar gong dei «variable» inntektene slår positivt ut.

Ei anna sak det har vore jobba mykje med gjennom heile året er kommunedelplanen for Bjørnafjorden vest. Det har vore eit langt lerret å bleika og det har vore jobba godt både administrativt og politisk. Eg er glad for at kommunestyret fatta eit endeleg vedtak i desember og med det sette eit førebels punktum. Så veit vi alle at det framleis står att tøffe tak i mekling med overordna mynde, men det er viktig at vi snart får landa denne, slik at vi kan gå vidare. Det er viktig. Ikkje minst for næringslivet.

Vi opplever at Bjørnafjorden er ein attraktiv kommune for nyetableringar. Både for næringsliv og familiar som vil busetja seg her. Særleg spennande blir det hausten 2022 når den nye vegen til Bergen opnar. Kva konsekvensar det får, veit vi ikkje, men vi skal ikkje gløyma at vegen også vil gjere at fleire område også i Bjørnafjorden aust i større grad vil bli innanfor det folk opplever som akseptabel pendlaravstand til Bergen.

2022 er forhåpentlegvis også det året kor vi vil sjå teikn til dei første fysiske etableringane i Lyseparken. Eg er glad for at kommunestyret sommaren 2021 gav si tilslutning til å oppretta Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS (BUS) og valde styre til dette. BUS har allereie vist at dei blir ein viktig reiskap i å utvikla og realisera Lyseparken, men også at dei kan bli viktige i arbeidet med å utvikla heile kommunen.

Det har gjennom 2021 skjedd mykje spennande med og i det lokale næringslivet, og eg er heilt sikker på at 2022 kjem til å bringa mange spennande nyhende med seg. Samstundes skal vi vera realistiske. Pandemien har sett sine spor, og han kjem heilt sikkert til å setja nye spor. Ikkje minst innan næringslivet, kor mange har hatt tøffe kår. Det er ikkje sikkert at dei klarer å stabla seg på beina igjen, men då skal vi vera der med det nettverket og verkemiddelapparatet vi som kommune rår over slik at vi tek vare på den einskilde arbeidstakaren som blir råka.

Eg ønskjer meg fleire slike stunder vi hadde ei augustnatt i Strandvik då Anders Mol og Christian Sørum tok OL-gull i strandvolleyball. Ei natt der vi vart samla på tvers av fjorden i felles glede over dei gode prestasjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg ønskjer å byggja Bjørnafjorden kommune ilag med innbyggarane, med næringslivet, lag og organisasjonar og sjølvsagt i lag med dei tilsette. I 2022 GLER eg meg til å møta dykk alle.

Vi er her for innbyggarane!

Christian F. Fotland

Kommunedirektør