Tap: Ikkje la dette enda med forbanna fusingar. Det vil vårt fellesskap tapa på!

Forbanna fusingar

Kjære bjørnafjordingar, uttrykket «Forbanna fusingar» kan fint brukast både på vestsio og austsio av Bjørnafjorden/Fusafjorden.

På vestsio vil det gje uttrykk for noko negativt om folket der aust som ikkje vil godta dei nedskjeringene som no er på tale angåande legevakt i Eikelandsosen.

På austsida betyr det rett og slett at det no finst altfor mange forbanna fusingar. Det lyt ein akseptera når grunngjevinga for nedskjeringa er mangelfull og prosessen utan ROS-analyse er kritikkverdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange brukar mykje tid og tankar for å betra ulike, sosiale gode som ein ynskjer, og alle vil kjempa for dei gode ein har. Det å missa akutt helsehjelp går bokstavelig talt på livet laus. På vestsida har dei nett fått ny veg til Bergen. Legevakt i Bergen kan nåast for dei fleste innan ein halvtime. På austsida er det med dagens beredskap råd å nå legevakt på rundt ein time, og med nedskjering blir det fort på to timar, for dei som bur lengst i sør. Dette er innan same kommune, og ulykker kan og vil henda på begge sider av fjorden. Høyres ikkje likeverdig ut. Det vert altså farlegare å vera i aust enn i vest.

Me forstå at det skortar på pengar. Nei, det forstår me eigentleg ikkje. Pengemangel skyldast først og fremst Frp som er villig til å ofra liv for å unngå eigedomsskatt. På austsida er det mange som er einig med gamleordføraren. Me ynskjer å betala eigendomsskatt på linje med dei fleste andre i dette landet for å kunna utvikla og bu i dei bygdene me har.

Det manglar ikkje pengar i landet vårt heller. Problemet er inflasjon og for høgt forbruk. Stryk Hordfast, ta i bruk eigendomsskatt og hjelp oss med bru over Fusafjorden. Då kan me bli éin kommune i gagnet og utnytta sosiale og kommunale tenester mykje betre.

Om nedskjeringa ikkje vert forstått av folket, så stakkars Frp og Høgre til kommande val. Det kjem til å bli surt å driva valkamp på austsio. Altfor mange løftebrot vil ta år å lappa.

Men kanskje dei på vestsio tenkjer at dei ikkje treng oss i aust? Ein grunn for Hordfast er at Bergen kjempar for å behalda Stord og Sunnhordland. Kanskje handelsstanden på Os bør kjempa litt for å behalda oss på vestsida av fjorden? Reisetid frå Eikelandsosen til Os med ferje og venting, er lengre enn turen til Åsane. Trur de at forbanna fusingar då vel å reisa til Os? Me finn hverken Ikea eller Biltema i den leio. Mangfald og tilbod er betydeleg større i Åsane.

Ikkje la dette enda med forbanna fusingar. Det vil vårt fellesskap tapa på!

Bjarne Tveitnes

Tvilande Høgre-veljar