Korleis kan dei vita?: Kva veit politikarane om borna lir eller ikkje berre fordi Statsforvaltaren ikkje har skrive ei klar setning om at born lir under offentleg omsorg?

Formannskapet har tydeleg gløymt oppgåva si som vaktbikkje ovanfor forvaltninga

Med ei slik bagatelliserande, lempfeldig og lojal haldning til forvaltninga, kan ein ikkje ha tillit til at dei folkevalde er ombod for innbyggarane sine og vaktbikkjer ovanfor forvaltninga.

3. mai kunne ein lese i Os & Fusaposten at formannskapet igjen uttrykker å ha full tillit til barnevernet og at avvika som Statsforvaltaren har konkludert med, berre er bagatellar som formalitetar, rapportering, loggføring og notoritet.

Varaordførar Harald Lekven uttalte at det ikkje står noko om at ungane har lidd noko naud og meiner tydeligvis at dette må stå i klartekst i ein rapport for å reagere på lovbrot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det same gjeld Marie Bruarøy (H) som tidlegare har uttalt offentleg at det er 'pyttsan' med slike avvik, som det heiter innanfor forvaltninga. Dersom det hadde vore innanfor andre lovområde, heiter det lovbrot, og i relasjon til barnevernet i kommunen, kan ein tale om systematiske lovbrot som ikkje blir reparert i enkeltsakene.

Avvik blir berre handtert ved å korrigere på arbeidsmetodar utan at dei som vert utsette for dei, får reparert lovbrota.

Om ungane har lidd, veit ein ingenting om når slike avvik ikkje vert undersøkt og følgd opp i enkeltsaker. Ein annan ting som òg vert påpeika i rapporten, er at tilsynet har hatt eit avgrensa mandat til berre å omhandle spørsmålet om korvidt barnevernstenesta sørgjer for at oppfølging av barn i fosterheim blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at barn får trygge oppvekstforhold, nødvendig hjelp og oppfølging.

I forlenginga av dette mandatet står det i klartekst i rapporten at oppfølging av foreldra ikkje er undersøkt.

I den gamle barnevernslova (1992) har barnevernet ei plikt til å følgje opp og arbeide for gjenforeining. Dette er ytterlegare presisert i den nye lova (2021).

Når det ligg føre avvik om oppfølging av born under tiltaket plassering, er det nærliggande å tru at det òg ligg føre eit avvik rundt alt av oppfølgningsarbeid etter at born er vorten plasserte. Særleg sidan dette er eit systematisk og landsdekkande meneskerettsbrot som ikkje har vorte reparert sidan Noreg først gong vart dømt i Den Europeiske menneskerettsdomstol for nøyaktig det same i 1996.

Kva får politikarane til å tru at Bjørnafjorden barnevern er så mykje betre enn andre barnevernskontor når ein ser tilbake på tidlegare rapportar frå Fylkesmannen/Statsforvaltaren og revisjonsrapporten frå 2018?

No er det slik at Helsetilsynet òg hadde avgrensa mandat i 2015. Rapporten konkluderte med at alle bekymringsmeldingar blei handsama munnleg. Dei kan difor ikkje etterprøvast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vesentlege manglar i leiinga sin kontroll med oppfølging av både det eine og det andre området, er noko som no har gått att i alle landsomfattande tilsyn med Os/ Bjørnafjorden barnevern i fleire tiår.

Kva veit politikarane om borna lir eller ikkje berre fordi Statsforvaltaren ikkje har skrive ei klar setning om at born lir under offentleg omsorg?

Korleis kan politikarane med handa på hjartet vite om alle sakene ikkje er brot på borna sine rettar til sine foreldre, jf. Barnekonsvensjonen?

Det handlar ikkje berre om eit lite, avgrensa mandat som konkluderer med brot på det formanskapet definerer som formalitetar. Særleg Lekven, men òg Bruarøy, Roger Hoel (H), ordførar Trine Lindborg (Ap) og resten av formannskapet bør vite at det finst straffebod for tenestefeil med strafferamme på to år.

Med ei slik bagatelliserande, lempfeldig og lojal haldning til forvaltninga, kan ein ikkje ha tillit til at dei folkevalde er ombod for innbyggarane sine og vaktbikkjer ovanfor forvaltninga.

Anita Skippervik