Reagerer: — Eg er skikkeleg skuffa.

Først byggjer dei ut. No vil dei ta bort fundamentet det er bygd rundt

Det er heilt utruleg at Halhjem barneskule framleis ligg inne med forslag om nedlegging frå administrasjonen.

Det er fascinerande å lesa lokalavisa og sjå nyhende om at Halhjem skal leggjast ned og at det samstundes er teken 39 i fartskontroll der våre barn på seks år liksom skal stå og ta bussen.

Har håp: — Eg håpar politikarar tek ansvar og sikrar andre grep.

Halhjem barneskule er veldriven og fantastisk — han er hjartet på Halhjem. Det er berre trist, dette her, og eg er skikkeleg skuffa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg håpar verkeleg politikarar tek ansvar og sikrar andre grep enn dette. Kommunen har først bygd ut Halhjem-området, og no vil dei ta bort fundamentet det er bygd rundt.

Innlegget blei først publisert på Facebook, fredag 20. oktober.

Jeanette Heggland