Dykkar draumar: Renter og avdrag skal betalast for dykkar storheitsdraumar om å gjera Os til Framstegspartiets utstillingsvindu.

Frekkheita si nådegåve

Eg tykkjer rett ut at det er skammeleg at opposisjonen vågar å kritisera posisjonen under dei vanskelege budsjettforhandlingane.

Farmora mi var ei flott dame. Blant anna var ho eit politisk menneske. Det prega alle i storfamilien, også oss barneborn. Ho var full av politisk historie og av gamle ordtak som ho flittig nytta i oppdragarrolla av oss ungane.

Når eg i desse dagar les utsegnene til leiarane i Framstegspariet og Høgre i Os & Fusaposten, vert eg minna om farmor si utrettelege påpassing når vi ungane ikkje stod ved handlingane våre, og på ulike vis prøvde å tala oss bort i frå eigne handlingar. Då smalt ho til med utsegnet; no høyrer eg du har frekkheita si nådegåve. Og så minna ho oss på og lærte oss konsekvensane av våre eigne handlingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gav oss læring og meining. Og no ynskjer eg minna opposisjonen i Bjørnafjorden kommune om det same. Eg tykkjer framfornemnde leiarar har frekkheita si nådegåve når dei kritiserer posisjonen i desse dagar når dei balar med eit vanskeleg, negativt budsjett.

Som farmor forventa av barneborna sine at vi skulle hugsa og ta ansvar for eigne handlingar, forventar eg at opposisjonen skal ta ansvar for sine økonomiske val i si styringstid. Hugs, de valde å selja ut arvesølvet vårt, og de valde å låna pengar til langt over pipa. Vi har fått fine Oseana og andre fine bygg, men hugs, de overleverte ei skuld på tre milliardar til partia som no styrer.

Renter og avdrag skal betalast for dykkar storheitsdraumar om å gjera Os til Framstegspartiets utstillingsvindu. Og kva er konsekvensane? Jau, dagens posisjon sit med vanskane de stelte til med handlingane dykkar gjennom dykkar styringsår.

Som farmor forventar eg at de tek ansvar for eigne handlingar. Eg tykkjer rett ut at det er skammeleg at opposisjonen vågar å kritisera posisjonen under dei vanskelege budsjettforhandlingane. Som farmor forventa av oss ungane, forventar eg det same av dykk som er vaksne politikarar. De burde som oss ungane stå «skulerett» og be om orsaking for den høge skulda de med dykkar val har påført og overlevert til dagens posisjon. Hadde de kome med ei aldri så lita sjølvransaking, skulle de fått mi respekt, men de nemner diverre ikkje dei tre milliardane de overleverte til oss bjørnafjordingar, heller ikkje frå talarstolen, til dei som no styrer den slunkne pengepungen.

Min konklusjon er at hadde de vakse opp med ei farmor som mi, ville de i desse dagar gått stille i dørene og visst når de burde teia og når det er ei tid for sjølvransaking.

Tove Nøss-Håvardstun