Har svikta: Både den raudgrøne regjeringa og dagens regjering har svikta når det gjeld beredskap.

Frihandel til besvær

Dei fleste er vel samde om at handel både nasjonalt og internasjonalt er grunnlaget for det velferdssamfunnet me har. Handel vil også i framtida vera grunnlaget for velstanden vår.

Ein må likevel ikkje tru at frihandel på tvers av grenser og verdsdelar løyser alle våre utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den koronatida me no lever i, syner at mat, medisin og medisinsk utstyr er viktigare enn andre varer og tenester. Då håpar eg verkeleg at styresmaktene tek denne lærdommen med seg når samfunnet etter korona skal utviklast.

Kva kan så gjerast ?

Ein ny politikk der ein større andel av maten og andre samfunnskritiske varer vert produserte i Noreg på norske ressursar.

– Ny landbrukspolitikk der produksjonen er basert på norske ressursar i inn- og utmark

– Fisk som vert fiska i norske fjordar og farvann vert bearbeida i Norge

– Industri som produserer medisinar og medisinsk utstyr får vilkår som gjer at desse kan produsera her i landet.

– Det vert bygd opp lager av mat, medisinar og medisinsk utstyr rundt heile landet.

Kven har makta ?

Artikkelen held fram under annonsen.

Den som har kontroll på mat og matproduksjon og den som har kontroll på produksjon av medisinar og medisinsk utstyr har stor makt. I krisetider er denne type varer svært viktige å ha nok av. Det er derfor svært viktig at det er nasjonal kontroll på desse produksjonane.

I frihandelens tidsalder ser me at denne makta er samla på få hender. Til dømes er det innan varehandel bygd opp nokre få store aktørar i grossistleddet. Er det god beredskap ?

Kva kan kommunen gjera for at me skal koma best mogeleg ut av denne krisa ?

Det er fleire tiltak som vil sikra arbeidsplassar og dermed inntekt til folks verksemder og til det offentlege. Kortsiktige tiltak kan til dømes vera:

– Utføra heilt nødvendig vedlikehald på kommunale bygg og anlegg

– Tilskot til grøfting av vassjuk jord og rydding av tilgrodd mark

– Framskunda Kommunale innvesteringer.

Framtida

Artikkelen held fram under annonsen.

Både den raudgrøne regjeringa og dagens regjering har svikta når det gjeld beredskap.

– Dei har begge bygd ned norsk matproduksjon

– Norsk industriproduksjon er blitt så dyr at verksemdene legg ned/flaggar ut til lågkostland.

– Dei har begge bygd ned Forsvaret (sjølv om løyvingane har auka litt siste åra)

No treng me politikarar som set folk og land sine interesser i høgsete.

Magne Djuvik

Partiet De Kristne