Positiv: Bjørnafjorden Frp er positiv til at private kan få drifta barnehagane både på Holdhus og i Strøno dersom dei finn økonomisk grunnlag for det.

Frp positiv til privat barnehagedrift på Holdhus og Strøno

Bjørnafjorden formannskap skal torsdag handsama to saker knytt til eventuell vidare barnehagedrift på Holdhus og i Strøno. Innstillinga frå administrasjonen er negativ i begge saker.

Framstegspartiet er for eit mangfald i barnehagesektoren med både kommunale, kommersielle private og ideelle foreldrestyrte barnehagar. Dette gjev foreldra valfridom, og våre yngste kvalitet i barnehagetilbodet. Difor var også Frp ein pådrivar for det såkalla barnehageforliket i 2003, der ein sikra full barnehagedekning gjennom likebehandling av kommunale og private barnehagar.

Korkje på Holdhus eller i Strøno er det no aktuelt med kommunal barnehagedrift. For Holdhus har kommunestyret tidlegare vedteke nedlegging av den kommunale barnhagen frå hausten 2024, og i Strøno har no FUS Skorvane dessverre vedtatt nedlegging frå same tidspunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

At kommunen ikkje er aktuell som barnehagedrivar, er knytt til økonomi, og spesielt til at kostnadene ved kommunal barnehagedrift gjev grunnlag for det tilskotet kommunen skal yta til private barnehagar i kommunen. Bjørnafjorden kommune er difor avhengig av kostnadseffektiv drift i sine eigen barnehagar, dvs. relativt store barnehagar som vi har i Os barnehage, Lysekloster barnehage og nye Jettegryto barnehage.

Bjørnafjorden Frp er imidlertid positiv til at private kan få drifta barnehagane både på Holdhus og i Strøno dersom dei finn økonomisk grunnlag for det.

Vi vil på torsdag difor føreslå at kommunen gir førehandstilsegn om tilskot til privat barnehage på Holdhus, og at ein er positiv til eit tilsvarande foreldreinitiativ for privat barnehage i Strøno.

Basert på tidlegare diskusjonar i formannskap og kommunestyre er det all grunn til å tru at eit politisk fleirtal vil stilla seg bak ein slik konklusjon.

Terje Søviknes

Gruppeleiar Bjørnafjorden Frp