Støttar krav: Magne Djuvik og partiet hans, Partiet De Kristne, fryktar kornmangel.

Fryktar krise: Difor er Noreg i dag heilt avhengige av å importera frå Russland og Ukraina

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) bed regjeringa ta grep for å sikra nok matkorn. Partiet De Kristne Bjørnafjorden (PDK) støttar dettte.

At eit fredselskande folk som det ukrainske vert utsett for slike brutale overgrep som dei me no ser, er ein katastrofe for heile verda. Eg er uroa over situasjonen også for Norge. Som småbrukar og styremedlem i Midthordland Bonde- og Småbrukarlag tenkjer først og fremst på:

• Norge sin sjølvbergingsgrad på ca. 30 %

Artikkelen held fram under annonsen.

• Norge har ikkje matvarelager.

• Over tid har Norge bygd ned jordbruksland.

Bondevik II-regjeringa avvikla norske kornlager tidleg på 2000-talet. Norge er difor heilt avhengig av å importera korn frå Russland og Ukraina. Til saman er dei to landa verdas største kornprodusent.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) sende 25. februar brev til statsministeren. Der bed organisasjonen regjeringa om å ta grep for å sikra nok matkorn.

Partiet De Kristne (PDK) støttar NBS i dette kravet. Det er viktig at det er nok matkorn og såkorn slik at:

• Norges befolkning får nok mat.

• Det er såkorn på lager slik at landet kan sikrast matkorn også komande vinter.

PDK utfordrar regjering og storting til å ta fatt i denne saka straks.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg meiner PDK at jordbrukspolitikken må leggjast om slik at produksjonsjord blir teke i bruk til matproduksjon.

Magne Djuvik

Partiet De Kristne

Bjørnafjorden