Frå møtet på Fusa vidaregåande skule mellom representantar frå skulen, næringslivet i Fusa, elevar og politikarar i Senterpartiet. Frå venstre i fyrste rad - Maren Sævild, Alexander Fosse Andersen, Sigrid Brattabø Handegard og Hege Aase Tysnes . Andre rad - Haldis Solvang, Arve Skåtun, Gunnar Dolve, Lene Tveit, Helge Lysen, Synnøve Austestad og Dina Lervåg. Tredje rad - Vidar Dale, Samuel Anderson, Marius Lund Halland, Inger-Elin Epland, Vidar Hjartnes og Helge Andersen.

Fusa kan mista eit godt, lokalt utdanningstilbod

Bjørnafjorden Sp vart svært uroa då me las framlegget om å redusera talet på elevplassar ved Fusa vidaregåande skule med 100 og leggja ned alle TAF/YSK-klassane, samt Kunst, design og arkitektur.

TAF/YSK står for yrkes- og studiekompetanse og er ei utdanning over fire år der elevane får både fagbrev og studiekompetanse.

Då me i Bjørnafjorden Senterparti vart kjent med framlegget frå administrasjonen i fylkeskommunen, tok me kontakt med rektor Inger-Elin Epland på Fusa vgs. Me ynskte å høyra skulen og næringslivet sine tankar rundt dette. Vi spurte Epland om vi kunne koma på besøk på skulen, og invitera med oss nokre bedrifter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag 5. april, same dag som saka vart lagt ut på høyring, møtte me på skulen saman med representantar frå det lokale næringslivet – Framo Fusa, Bolaks og Eide Fjordbruk AS.

Rektor Epland fortalde at skulen har hatt tilbod om TAF/YSK sidan 2001. No tilbyr dei TAF/YSK innanfor fagområda mekanisk, automatikk, marin, restaurant og matfag og helse. Dette er eit populært tilbod, og søkjarmassen er stigande. I år hadde dei 58 søkjarar til 30 plassar.

To elevar frå TAF/YSK Helse og TAF/YSK Marin fortalde at dei fekk betre forståing for faget når dei vekslar mellom skule og bedrift og får knytt praktiske erfaringar til teorien på skulen. Ferdig utdanna har dei fire års relevant arbeidserfaring.

Frå omvisinga på Framo: Frå venstre - Bengt Holme, Helge Andersen, Hege Aase Tysnes, Vidar Dale, Dina Lervåg og Arve Skåtun.

Representantane for Framo, Bolaks og Eide Fjordbruk var bekymra for rekrutteringa dersom tilbodet vert lagt ned.

– Me ser verkeleg fruktene av TAF/YSK-ordninga, sa dei.

Eit stort fleirtal av tidlegare TAF/YSK-elevar kjem tilbake og arbeider i bedrifta. Bedriftene er opptekne av å ha kompetanse for framtida. Dei ynskjer å bidra til lokalsamfunnsbygging. God utdanning og nok arbeidsfolk er avgjerande for framtida.

Tidlegare på dagen var me på omvising på Framo. Me fekk sjå og høyra korleis Framo utdannar lærlingar frå YS- og YSK-linjene og om samarbeidet med skulen. Me møtte fleire tidlegare TAF/YSK elevar som etter vidare utdanning kom attende til Framo.

Fredag 5. april vart rapporten «Heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland Fylkeskommune» lagt ut på høyring. Framlegget endrar drastisk tilbodet i den vidaregåande skulen. Me oppfordrar alle til å senda inn høyringssvar. Dette kan du gjere via fylkeskommunen sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er svært viktig å behalde dette utdanningstilbodet i Bjørnafjorden. Me må ivareta eit lokalt godt utdanningstilbod som støttar ungdommen, næringslivet og lokalsamfunnet sine behov.

Dina Lervåg

Hege Aase Tysnes

Helge Andersen

Bjørnafjorden Senterparti