Fusa: Slik listene er sett opp, kjem ingen frå tidlegare Fusa i formannskapet.

Fusing i formannskapet

Dersom ein skal få gode vedtak som er til å leva med for alle, er det svært viktig at Fusa-delen av kommunen får ein rimeleg representasjon.

Den 11. september er det val til kommunestyret i Bjørnafjorden.

Det er ein viktig, men krevjande periode det nye kommunestyret går i møte. Ubalansen i økonomien må finna si løysing. Det er forslag om å redusera bemanninga innan pleie og omsorg. Vidare er det forslag om å leggja ned fleire skular. Så langt i valkampen har det vore lite debatt om desse viktige sakene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom ein skal få gode vedtak som er til å leva med for alle, er det svært viktig at Fusa-delen av kommunen får ein rimeleg representasjon i kommunestyret. Vidare at Fusa-delen vert representert i det nye formannskapet. Formannskapet som og er kommunens økonomiutval, er eit svært viktig utval der mange avgjerder vert tatt.

Når dei ulike parti set opp sine lister, er det vanleg at dei som står øvst på lista, kjem i formannskapet. Slik listene er sett opp, kjem ingen frå tidlegare Fusa i formannskapet.

Rune Samnøy.

Det er eitt unntak. Rune Samnøy er sett som nummer 1 på Konservativt si liste.

Det kan henda at Frp og Høgre får fleirtal i det nye kommunestyret. Då trur eg ein kan rekna med at skular og barnehagar vert vedteke nedlagt allereie i kommunestyret sitt desember-møte

Dersom ein er opptatt av:

• ikkje å redusera talet tilsette på sjukeheimane

• ikkje å leggja ned skulane

• at Fusa sida skal vera representert i formannskapet/kommunestyret,

Artikkelen held fram under annonsen.

då er Konservativt og Rune det sikre valet.

Godt val!

Magne Djuvik