Freistande: Det er sjølvsagt freistande å overprøva dei folkevalde organa fordi ein ønskjer ei anna utvikling enn det dei folkevalde representantane for det lokale sjølvstyret ønskjer.

Fylkesmannen har fått for stor makt

Fylkesmannen i Vestland har fått for stor makt og utøver makt på ein måte som nok aldri har vore Stortinget eller Regjeringa si meining at han skulle gjera.

Jurist Ståle Øvrebø skriv i innlegget sitt i Os og Fusaposten i dag fredag 27.mars: « Ein kan diskutera om Fylkesmannen har for stor makt i plan- og byggjesaker, sidan det ikkje er eit folkevald organ»

Det er eit særs interessant spørsmål som blir reist av ein tidlegare tilsett hos Fylkesmannen. Ståle Øvrebø arbeider no som seniorrådgjevar i Bymiljøetaten i Bergen og veit nok mykje om maktutøvinga til Fylkesmannen, men det er sjølvsagt ikkje sikkert at Ståle Øvrebø meiner Fylkesmannen har for stor makt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når han likevel opnar for at ein kan diskutera spørsmålet, vil eg i alle fall seia mi meining. Fylkesmannen i Vestland har fått for stor makt og utøver makt på ein måte som nok aldri har vore Stortinget eller Regjeringa si meining at han skulle gjera.

Plan- og bygningslova seier klart at kommunestyret er kommunen sit øvste organ når det gjeld arealplanlegging. Fylkesmannen set lokalt sjølvstyre og lokaldemokratiet til sides. Fylkesmannen blandar seg inn og ønskjer å detaljstyra på ein måte som etter mitt syn ikkje høyrer heime i eit demokrati. Han ønskjer å styra arealbruken i Bjørnafjorden.

Når folkevalde representantar frå Bjørnafjorden kommune er i drøftingsmøte med Fylkesmannen om arealplanen for Os, no kalla kommunedelplan for Os, så ber han politikarane gå heim og gjera leksa si.

Les også
Døsen etter arealplan-møte med Fylkesmannen: – Vi fekk rett og slett beskjed om å gå heim og gjera leksa vår

Dette er mildt sagt ein arrogant handlemåte og ein hersketeknikk som ikkje er Fylkesmannen verdig. Fylkesmannen er staten sin representant i fylket og skal føra tilsyn på staten sine vegner slik at lovar og reglar vert følgde. Han skal ikkje diktera kva dei folkevalde skal meina eller gjera i demokratiske prosessar.

Det er sjølvsagt ei viktig oppgåve for Fylkesmannen å føra tilsyn med forvaltninga i Bjørnafjorden, men fylkesmannen må ikkje bli så ivrig at han ønskjer å styra dei demokratiske prosessane som til dømes arbeidet med arealplanen. Han kan og bør koma med faglege råd og innspel, men ikkje prøva å diktera kva resultatet av demokratiske prosessar skal bli.

Kvifor har fylkesmannen fått så stor makt?

Ein kan stilla spørsmålet kvifor eit demokratisk system har gitt så stor makt til Fylkesmannen? Stolar ikkje politikarane på seg sjølv eller på kvarandre?

Er det slik at når ein demokratisk prosess har gått føre seg, og politikarane meiner resultatet er godt, så kan ein byråkrat overprøva det demokratiske systemet og endra resultatet folkevalde organ har kome fram til gjennom lange og grundige prosessar?

Vi har eit godt demokratisk system i Norge, men systemet blir mindre godt ved at Fylkesmannen har fått for stor makt i byggje - og plansaker. Etter mitt syn misbruker Fylkesmannen makta si i høve til motsegnsretten han har etter plan - og bygningslova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er sjølvsagt freistande å overprøva dei folkevalde organa fordi ein ønskjer ei anna utvikling enn det dei folkevalde representantane for det lokale sjølvstyret ønskjer. Fylkesmannen set representantane for lokaldemokratiet i ei håplaus klemme.

Fylkesmannen krev reduksjon av byggjeareal

Fylkesmannen vil til dømes at Bjørnafjorden skal redusera areala som er sette av til bustadbygging i kommunen. Etter mitt syn bør ein i utgangspunktet ikkje ta ut areal som er sette av til bustadbygging i gjeldande planar. Ein bør i staden lata kommunen sjølv fastsetja utbyggingstidspunkt/-takt for dei einskilde areala og lata lokale politikarar styra utbyggingstakten. Satsing på infrastruktur, som veg, vatn, kloakk, skule og barnehagar og sjølvsagt kapasiteten i eldreomsorga, er viktig for å klargjera eit område for utbygging.

Det tek særs mange år å planleggja ei utbygging og det er klokt å ha eit langsiktig perspektiv, men det er lite klokt å lata Fylkesmannen overta styringa med arealbruken i Bjørnafjorden. Fylkesmannen si detaljstyring fører til eit meir kortsiktig perspektiv enn det politikarane i Bjørnafjorden truleg ser for seg.

Ein treng tid og langsiktig perspektiv for å gjennomføra planprosessar. Skal nokon kunna starta ein planprosess, så bør i alle fall arealet vera sett av til bustadområde i arealplanen.

Bjørnafjorden kommune har no sent ut brev til mange grunneigarar med utbyggingsareal for bustader i arealdelen, og opplyst at Fylkesmannen krev at kommunen vurderer alle desse utbyggingsområda på nytt. Dette gjeld areal som har lege inne i arealdelen for Os kommune i mange år utan å bli bygde ut. Det står krev i brevet. Det står ikkje ønskjer eller ber om.

Dette illustrerer på ein tydeleg måte korleis Fylkesmannen ønskjer å styra arealbruken i kommunen. Det er nesten slik at ein lyt spørja kva ein skal med lange demokratiske prosessar knytt til arealbruken i kommunen? Fylkesmannen vil jo bestemma til slutt likevel. Etter mitt syn er dette ei svekking av demokratiet.

Granavolden-plattforma vil styrkja det kommunale sjølvstyret

Då Kristeleg folkeparti valde å gå inn i regjeringa etter lange og harde forhandlingar på Granavolden, vart det teke inn eit punkt i Granavolden-plattforma av 17. januar 2019 som lyder slik: Regjeringa vil: «Styrkja det kommunale sjølvstyret og redusere statleg og regional detaljstyring. Rettane og rettstryggleiken til einskildmenneske skal vernast»

Dette er eit punkt Fylkesmannen heilt sikkert har bite seg merke i. Fylkesmannen burde teke signala frå regjeringa og prøvd å tona ned styringsiveren sin. Det tener ikkje demokratiet at statlege byråkratar prøver å styra dei demokratiske prosessane sjølv om det er gitt fullmakter til å overprøva lokaldemokratiet. Det er freistande å tenkja at Fylkesmannen trur han veit betre enn lokale folkevalde korleis kommunen skal byggjast ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er synet mitt på spørsmålet tidlegare tilsett hos Fylkesmannen, jurist Ståle Øvrebø, opna for å diskutera.

Øyvind Tøsdal