Fred og ro: Vi må gi plass til fred og ro i ei travel tid. Ta ein pause frå kvardagen, kjenna litt på høgtida, vera til stades og sjå dei vi har rundt oss.

God jul, Bjørnafjorden!

Det er ikkje slik at julefreden kjem dalande ned i skjul, heilt av seg sjølv - i alle fall ikkje for meg. Kanskje ikkje for deg heller?

Vi må gi plass til fred og ro i ei travel tid. Ta ein pause frå kvardagen, kjenna litt på høgtida, vera til stades og sjå dei vi har rundt oss.

Så blei ikkje jula heilt som vanleg i år, heller. Når vi trudde at det endeleg lysna, blei det brått temmeleg mørkt igjen. Men jula handlar om glede, håp og lys. Sola har snudd, og vi skal koma oss gjennom dette òg, sjølv om vi er slitne og leie av reglar, restriksjonar og uvisse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg veit at vi kjem oss gjennom dette fordi dei siste to åra verkeleg har vist meg kva som bur av kraft, styrke og vilje i folk. Saman får vi til utrulege ting.

Tusen takk til deg som står på dag ut og dag inn for å halda samfunnet i gang, sjølv om du er sliten og frustrert over situasjonen.

Vit at du er uendeleg verdifull og at kommunen og lokalsamfunnet vårt ikkje hadde vore det same utan deg.

Eg kjenner med deg som av ulike grunnar ikkje kan feira med dei næraste. Eg har ei sterk oppmoding om at vi er rause med kvarandre, ser kvarandre, tar den ekstra telefonen eller deler julebaksten med naboen.

Det skal ikkje alltid så mykje til for å spreia litt glede og omsorg.

Vi må gi kvarandre håp om lysare og betre dagar. Kvar og ein betyr noko og er viktig for fellesskapet.

Alle gode ønske om ei god jul og eit endå betre nytt år frå

Trine Lindborg

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar

Bjørnafjorden kommune

P.S.

* Hald deg heime og ta test viss du har symptom på korona.

* Hald avstand til andre - unngå klemming og handhelsing.

* Vask hendene ofte og grundig.

* Host i papirlømmetørkle eller albogekroken.

* Ikkje ha fleire nærkontaktar enn nødvendig.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ta ein telefon eller send ei melding til nokon du veit eller trur er åleine i jula.

* Smil og sei hei til dei du møter på tur eller på butikken.

* Ver vennleg og raus med dei rundt deg.