Kven har betalt: Kven trur du det er som til sjuande og sist har betalt denne milliarden? Jepp, du gjetta riktig. Det er du og meg og alle andre skattebetalarar.

Har Private Barnehagers Landsforbund grunn til å klaga?

Private Barnehagers Landsforbund (PBL) klagar over at dei vil få mindre tilskot til pensjon for sine tilsette. Derfor vil dei på onsdag stengja alle barnehagane sine frå kl. 14. Har dei grunn til å klaga?

Private barnehagar får tilskot til drift frå kommunen. Gjennom eit påslag på driftstilskotet får barnehagane dekka kostnader til pensjon for sine tilsette.

Tilskotet har lagt på 13%. Det førte til at 90% av alle barnehagane har fått meir i pensjonstilskot enn dei har hatt i pensjonskostnad. Samla sett har dei fått 1 milliard for mykje i tilskot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Frp gir full støtte til Eventus Borgafjell barnehage og onsdagens protestmarkering
Les også
Asle Olsen (SV) ber foreldre la vera å henta borna sine

Kven trur du det er som til sjuande og sist har betalt denne milliarden? Jepp, du gjetta riktig. Det er du og meg og alle andre skattebetalarar.

Solberg-regjeringa føreslo derfor å senka pensjonstilskotet frå 13 til 11%. Støre-regjeringa har føreslått å senka tilskotet ytterlegare til 10%. Samtidig har dei lagt inn ei ordning som sikrar at ingen kjem med ut med eit tap.

Barnehagar som kan dokumentera høgare pensjonskostnader enn dei får gjennom det ordinære tilskotet vil få differansen dekka. Alle barnehagar vil altså framleis få dekka kostnadane dei har til pensjon til sine tilsette.

Dagens ordning for pensjonstilskot er dårleg. Heller ikkje den nye ordninga som er føreslått er perfekt. Framleis vil ei rekkje barnehagar få meir i pensjonstilskot enn dei har i pensjonskostnad. Men ikkje ein einaste barnehage vil få mindre i tilskot enn dei faktiske kostnadene. Har PBL verkeleg grunn til å klaga?

Det er nok mangt og mykje PBL kan ha grunn til å klaga over. Endring i pensjonstilskotet er ikkje blant desse.

Les også
Onsdag stengjer mange barnehagar tidleg i protest: — Eit nådestøt for Eventus Borgafjell barnehage

PS! Dei 15 private barnehagane i Bjørnafjorden fekk i 2020 om lag 210 millionar kroner i tilskot frå kommunen. Om dei gjer alvor av trugselen om å stenga kl. 14, og halda stengt resten av onsdagen, vil dei på desse timane få over 200.000 kroner i tilskot – for ei teneste dei ikkje har levert. Er det greitt?

Gisle Hesjedal

Kommunestyrerepresentant

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap