Stramast opp: Er distrikta så diskriminerte som på Skyss sine sider, ja, då må nokon stramast opp og det kraftig.

Har Skyss gløymt at det bur folk i søre delen av Bjørnafjorden?

Kartet på Fusa-sida er rett og slett ein skandale.

I valkampen kjem innbyggjarane med sine utfordringar: Korleis ta buss frå Bergen bussstasjon til Baldersheim?

Er distrikta så diskriminerte som på Skyss sine sider, ja, då må nokon stramast opp og det kraftig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg reiser kollektivt i heile Norge og dette held ikkje. Linja til Sævareid, Baldersheim, Sundvor, Lygre viser jo ikkje nokon plass. Og ikkje går det ein einaste buss ein laurdag ser det ut for.

Kartet på Fusa-sida er rett og slett ein skandale. Nord for Eikelandsosen, som Holmefjord og Boga, viser heller ikkje med strek i kartet.

Rutene til Eikelandsosen er blitt mykje betre, seiest det, så kanskje ein kan fordela goda litt utover, så alle får litt betre rutetilbod?

Helge Andersen

Bjørnafjorden Senterparti