Kan tvinga seg fram: Truleg vil helsepersonell ved andre sjukeheimar også kunne slutte seg til «Eldrebrølet». Kravet om verdigheit for eldre på sjukeheim kan då bli så sterkt at det kan tvinge fram endringar, og føre til at våre eldre kan oppleve at dei har – ein Verdigheitsgaranti.

Har våre eldre en verdighetsgaranti?

Helsepersonell på sjukeheim i Os har starta «Eldrebrølet» – verdigheita til sjukeheimsbebuarar er trua.

I Bergens Tidende 21.10 skriv sjukepleier Irene Vågen og helsefagarbeider Helene Thuen om korleis dei opplever at verdigheita til bebuarar ved deira arbeidsplass, Luranetunet i Os, ikkje blir verna om.

Dei fortel om bebuarar som blir sittande åleine på rommet. At turar ut for å få dagslys og frisk luft ikkje er kvardagskost for dei eldre. Dei blir sittande i sine stolar. Kroppane stivnar til og smertene aukar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Middagen blir kald fordi helsepersonellet ikkje rekk å hjelpe alle som har behov for hjelp under måltid.

Ingenting skjer. Meiningsfulle aktivitetar uteblir.

Personalet må haste forbi engstelege bebuarar i gangane. Dei som er engstelege og sengeliggande har inga hand å halde i. Dei får heller ikkje endre sengeleie, eller oppretthalde fuktigheita i munnen.

Personalet har for få hender. Dei har hjerterom, men ikkje tid til å gje av si omsorg. Dei spring rundt og «sløkker brannar».

Med avgrensa tid til rådigheit må helsepersonell prioritere dei mest livsoppretthaldande oppgåvene. Det er oppgåvene som kjem i fokus. Men, sjukeheimar med oppgåvefokusert tilnærming til sine bebuarar står i fare for å miste det vesentlege av syne, nemleg ‘personen’ – den einskilde sjukeheimsbebuar som menneske. Det er difor eit viktig varsko som her kjem frå helsepersonell som erfarer at vilkåra for å utøve verdigheitsbevarande, personorientert omsorg, ikkje er tilstade ved deira sjukeheim.

Dei spør: Er dette verdigheit?

Svaret er nei. Eldre som har det slik får ikkje oppfylt sin rett til verdigheit i kvardagen. Eit verdig liv er ein menneskerett nedfelt i Menneskerettsfråsegna – som slår at alle menneske har ein ibuande verdighet som skal respekterast og vernast. Helsepersonell som Vågen og Thuen har også støtte i faglitteratur og forsking som beskriv kva som fremmer verdigheit og kva som krenker eldre menneske si verdigheit. Grunnlaget for all sjukepleie skal være respekten for det einskilde menneske sitt liv og ibuande verdigheit.

Verdigheit handlar om kva tankar og følelsar menneske har om eige menneskeverd – og menneskeverdet til andre. Verdigheit handlar også om korleis menneske opptrer på – måten ein møter andre på. Å møte ein person med verdigheit inneber å behandla denne på ein respektfull måte som stadfester personen sitt menneskeverd og likeverd.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Noreg vedtok Stortinget i 2010 ‘Forskrift om ei verdig eldreomsorg’ (også kalla ‘Verdigheitsgarantien’). Denne verdigheitsgaranti-forskrifta til Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, skal sikre at kommunane utformar eldreomsorga på en slik måte at den bidreg til ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom. Ein kan difor seie at eldre på sjukeheim har ein juridisk rett til ei verdig eldreomsorg. Verdigheitsgaranti-forskrifta understrekar at tenestetilbodet til eldre skal vektlegge respekt for den einskilde sin sjølvråderett, eigenverd og livsførsel. Alle eldre skal ha eit variert og tilstrekkeleg kosthald og tilpassa hjelp ved måltida. Dei eldre skal ha eit mest mogeleg normal liv, med normal døgnrytme og tilgang til å kome ut. Alle eldre skal ha naudsynt hjelp til personleg hygiene, og hjelp til å bevare sin moglegheit til å fungera godt i kvardagen. Og; når ein har behov for det skal alle eldre skal ha mogelegheit til å samtale med helsepersonell om sine eksistensielle utfordringar i kvardagen.

Vågen og Thuen viser til at verdigheitsbevarande omsorg ikkje er mogeleg med dei ressursane dei får tildelt. Dei etterlyser tiltak som gjer det mogeleg å skape ein verdig kvardag for dei eldre på sjukeheimen. Dei ber politikarane om å ta ansvar, og å gi dei økonomiske rammer til å utøve omsorg i tråd med Verdigheitsgaranti-forskrifta – som politikarane sjølv har vedtatt.

Det er folket som vel sine politikarar, og ei klar melding vert sendt til oss alle; sørg for å velje politikarar som forpliktar seg til å oppfylle eldre menneske sin Verdigheitsgaranti.

Som helsepersonell går Vågen og Thuen nå offentleg ut med si erfaring ifrå sin sjukeheim. Dei viser mot. Dei tek ansvar. Dei er talspersonar for sine sjukeheimsbebuarar. Truleg vil helsepersonell ved andre sjukeheimar også kunne slutte seg til «Eldrebrølet». Kravet om verdigheit for eldre på sjukeheim kan då bli så sterkt at det kan tvinge fram endringar, og føre til at våre eldre kan oppleve at dei har – ein Verdigheitsgaranti.

Oscar Tranvåg

Postdoktor

Senter for alders- og sjukeheimsmedisin, Universitetet i Bergen

Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Høgskulen på Vestlandet

Artikkelen held fram under annonsen.