Kasteball: Dei siste åra har vore tunge for meg og familien min. Eg har vore ein kasteball mellom forskjellige instansar.

Heilskapen er ansiktslaus. Detaljane er oss

Det hadde vore ei stor påkjenning for meg å bli så sjuk at eg hadde trengt ei innlegging, men det hadde òg kosta samfunnet og skattebetalarane om lag 150.000 kroner.

Måndag 6.mars stod kommunedirektør Fotland på talarstolen og oppmoda formannskapet til å prøva å sjå på heilskapen i dei føreslåtte kutta i PwC-rapporten; «…ikkje gå altfor mykje ned i detaljane. Då vert det ikkje mogleg å gjennomføra eitt einaste tiltak».

Som pasient og brukar av kommunale tenester, er det vondt å høyra oppmodinga hans. Detaljane er nemleg deg og meg, det. Enkeltpersonar som treng eit forsvarleg tilbod for å leva gode liv i Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra har vore tunge for meg og familien min. Eg har vore ein kasteball mellom forskjellige instansar og måtte i løpet av kort tid dela mi største krise og mitt største traume med kring 15 kommunalt tilsette personar som ikkje hadde kompetanse på korleis dei kunne hjelpa meg. Dette har skada meg og vore med på å øydeleggja tilliten min til både kommunen og helsevesenet. I løpet av desse fire åra har eg opplevd det beste og verste kommunen kan tilby av helsehjelp og oppfølging.

Rett hjelp med ein gong

Nokre av problema eg opplever i dag kunne nok ha vore unngått om eg hadde fått rett hjelp med ein gong eg ba om det. Eit godt tilbod til innbyggarane er utruleg viktig, både for enkeltpersonar og for samfunnsøkonomien.

I november møtte eg veggen, bokstaveleg talt. På veg til morgonstellet klarte eg og min 11 månadar gamle baby å ramla ned trappene heime. Babyen klarte seg heldigvis fint, men sjølv knakk eg foten. Det viste seg tidleg at knekt fot og fødselsdepresjon er ein dårleg kombinasjon.

Frå å kjenna meg utilstrekkeleg som mor gjekk eg til å faktisk ikkje strekka til. Å ikkje kunna løfta opp toåringen som grein og ville til mamma, var vanskeleg å takla. Eg såg fort at det var vanskeleg å bu heime og ha ansvar for to små born som slåst om mora si merksemd.

Heldigvis fekk eg tilbod om å låna ein kommunal hybel. I tre veker fekk eg bu for meg sjølv på ein kommunal institusjon der eg fekk den praktiske hjelpa eg trengte. I løpet av desse tre vekene hadde eg kvalitetstid med borna på gode dagar og fekk åleinetid på dårlege dagar. Utan dette tilbodet hadde eg måtta budd heime fram til eg vart sjuk nok til å verta innlagt på DPS.

Førebyggjande tilbod

Det hadde vore ei stor påkjenning for meg å bli så sjuk at eg hadde trengt ei innlegging, men det hadde òg kosta samfunnet og skattebetalarane om lag 150.000 kroner.

Det førebyggande tilbodet eg fekk glede av, var langt billegare for kommunen. Det er i likskap med tryggleikssjukepleiar, KOLS-team, diabetes-team og kreftteam ikkje eit lovpålagt tilbod til innbyggarane.

Ein kan kanskje spara pengar her og no på å kutta desse tenestene, men rekninga på sikt, blir fort dyrare. Både dei menneskelege og dei økonomiske kostnadene er høgare ved å reparera enn å førebygga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg jobb

Formannskapet og kommunestyret har ein svært vanskeleg jobb føre seg, men i motsetnad til kva kommunedirektør Fotland oppmodar til, vonar eg at politikarane i kommunen hugsar på «detaljane», enkeltpersonane og ikkje minst dei tilsette i kommunen oppi dette.

Innbyggarane i kommunen er enkeltmenneske som treng ein god oppvekst og ein trygg alderdom. Vi treng eit forsvarleg helsetilbod når vi blir sjuke og vi treng gode, førebyggande helsetenester.

Dei tilsette i kommunen fortener ein arbeidskvardag der dei ikkje må springa seg i hel og leggja seg etter endt vakt med ei kjensle av å ikkje strekka til for pasientar, brukarar og innbyggarar.

Lina Kristine T. Vatshelle

Bjørnafjorden SV