Private barnehagar: Vi meiner at kommunale barnehagar bør setjast ut til private, då 1 krone tent i privat barnehage, sparer kommunen for 3 kroner.

Her er forslaga til innsparingar frå industri- og næringspartiet

Nedlegging av Os barneskule frigjer dessutan tomteareal, som kommunen kan tena pengar på, t.d. ved å leiga ut eller selja tomta.

Bjørnafjorden industri- og næringsparti (INP) ser med uro på kommuneøkonomien og ikkje minst tiltaka som er føreslått for å spara pengar.

Ein skulle tru at dette har kome brått på, men det har det ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Allereie for fleire år sidan var det klart kor galt dette kunne verta, men det er likevel ikkje fatta dugande vedtak, og no hastar det plutseleg.

I lys av dette finn Bjørnafjorden INP det litt merkeleg at kommunedirektøren i Bjørnafjorden har den høgste løna av alle kommunaldirektørane i Vestland, med over 1,7 millionar i årsløn.

Det er t.o.m. meir enn ei statsrådsløn. I følgje kommunaldirektøren sjølv, så "betyr dette sikkert at dei er nøgde med arbeidet eg gjer" (Bergens Tidende 22.8.22).

Men i staden for å kutta på toppen, skal det gå ut over born, unge og eldre.

Det synest ikkje vi i Bjørnafjorden INP noko om.

Les også
Stiller liste for første gong: – Ikkje villig til å ofra skular, barnehagar eller helsetenester i kommunen

Seks skular og to barnehagar

Vi har lese rapporten frå konsulentselskapet PwC, der det mellom anna vert føreslått å leggja ned seks skular og to barnehagar. Innsparingane er på til saman 141 millionar, men sjølv det er ikkje nok.

I 2022 var overforbruket i kommunen på om lag 102 millionar. Av desse 102 millionane, er det mogleg at 37 av desse kan knytast til koronapandemien. M.a.o. så er overforbruket ein dreg med seg inn i det nye året, på kring 65 millionar.

I tillegg er det i budsjettet for inneverande år lagt inn ei innsparing knytt til "Prosjekt økonomisk handlefridom" på 25 millionar. Kommunen har dessutan budsjettert med 65,7 millionar kronar frå premiefondet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ein reknar saman desse tala, får ein driftsutgifter som er 155,7 millionar høgare enn driftsinntektene.

Fleire innsparingspotensial

INP har gjort seg nokre tankar om kommunebudsjettet og funne fleire innsparingspotensial som det kan vera verdt å diskutera. Nokre av forslaga kan det vera for seint å reversera allereie, og i Bjørnafjorden kan eigedomsskatt og kommuneøkonomien bli et heitt tema.

Vi vil ikkje innføra eigedomsskatt. Bjørnafjorden ligg allereie omtrent 5.000 kroner over skatte- og avgiftsnivået i Bergen, ein kommune som har eigedomsskatt.

Bjørnafjorden kommune har seks prosent mindre i årlege inntekter enn snittet av resten av landet. Då må vi driva seks prosent billigare enn resten av landet. Det er eit enkelt reknestykke. Difor byrja vi å sjå på reduksjonar per budsjettpost på 5-6.5%, som i liten grad går ut over brukarane.

Legg ned éin skule

Her er forslaga til innsparingar INP har kome til så langt:

Vi foreslår at vi legg ned éin skule (ikkje seks), Os barneskule, som vil gje ei innsparing på 5,4 millionar kroner.

Os barneskule står på lista til PwC, med overføring av elevane til dei tre skulane Kuventræ barneskule, Borgafjellet barneskule og Lunde barneskule. Det kan vi stilla oss bak.

Nedlegging av Os barneskule frigjer dessutan tomteareal, som kommunen kan tena pengar på, t.d. ved å leiga ut eller selja tomta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er òg foreslått å leggje ned to barnehagar, begg i Fusa.

Vi meiner at kommunale barnehagar i staden bør setjast ut til private, då 1 krone tent i privat barnehage, sparer kommunen for 3 kroner. Det vert nokre millionar der òg, det er åtte kommunale barnehagar og 14 private, sjølv om det kanskje er litt på kanten av kva vi meiner om privatisering av barnehagane. Dette vil gje om lag to millionar i innsparing.

Til samanlikning har Austevoll kommune berre private barnehagar.

50 ikkje 70 mill. til røyr

Det er foreslått endringar i bruken av administrasjon og leiing ved skulane (4,4 millionar). Det støttar vi.

Administrasjonskostnader i kommunen ligg på 54 millionar kroner. Der bør vi kunna spara inn ytterlegare eit par millionar. Då reknar eg ei innsparing på ca. 5% per post. Dette gjev ei innsparing på om lag 2 millionar.

På samfunnsutvikling kan kommunen, ifølgje PwC-rapporten, kutta 5,2 millionar. Det støttar vi i Bjørnafjorden INP.

Det er sett av 70 millionar til å rehabilitering av vatn- og avløpsrøyr, mot 20 millionar i 2022. Røyra er gamle og det trengst ei rehabilitering. Her bør vi nøya oss med 50 millionar for 2023. Det gjev ei innsparing på 20 millionar.

Les også
Vi er dønn ærlige, står for sunn fornuft og har krav om arbeidserfaring

Nei til nytt bygg

Kommunen kan òg spara 40 millionar for inneverande år på nytt bygg til hjelpemiddel i heimetenesta. Samla kost er 58 millionar dei to neste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyret har sagt at vi skal byggja dette ved Luranetunet, og dei har sett av til saman 58 millionar kroner i 2023 og 2024 til å gjennomføra prosjektet. Dette meiner vi i Bjørnafjorden INP at vi ikkje kan ta oss råd til no og vi vonar at det er mogleg å stogga dette prosjektet.

Å kutte bygging av to mikrohus for brukarar innanfor rus og psykiatri gjev ei innsparing på fire millionar.

Innan helse vil kommunen redusere tala på årsverk med ca. 30 tilsette; 24 i Os, 6 i Fusa.

Les også
Svar til Bjørghild des Bouvrie: - Det du skriver er ganske skremmende

Må freda dei svakaste

PwC-rapporten har føreslått ein reduksjon i bemanninga på ca. 34 millionar kroner, noko som vil føra til auka utgifter på overtid og vikarbyrå. Men vi i Bjørnafjorden INP meiner at vi treng dei hendene vi har i omsorgstenesta, ikkje færre. Vi må freda dei svakaste i samfunnet.

Kommunen har òg som argument å spara årsverk i heimetenesta og helse ved å installere elektroniske medisindispenserar til ein kostnad av 6 millionar. Med like mange hender i omsorg som før, sparer vi altså 6 millionar ved å ikkje installere slike medisindispenserar.

Og med like mange hender i omsorgstenesta, kan kommunen spara tre millionar på skjerm for trygging av eldre som bor heime (samla kost 6 millionar dei neste to åra). Utan reduksjon i heimetenesta, vil tryggleiksalarm vera ei god nok løysning inntil vidare.

Les også
Havvindsatsingen, symbolpolitikk og miljøkatastrofe

Bør leggjast på is

I Miljøløftet vi kan finna ein kostnad frå investeringsfondet på anslagsvis 20 millionar. Dette klarer vi ikkje å finna spesifisert i budsjett, men det vert nemnt av økonomisjefen som ein kostnad på kommunestyremøtet om innsparingstiltak måndag 6 mars.

Det skal også byggjast tre bruer over elva, med gang- og sykkelsti, slik at det vert unødvendig å bruka bil til dei næraste servicetilboda, og utvida kollektivtransport frå ny bussterminal. Dette har vi ikkje funne kostnadene på enno, men det blir meir å henta i innsparing framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden INP meiner at arealplanar og klimatiltak med høge kostnader bør leggjast på is inntil kommuneøkonomien er i balanse.

Kan ikkje forsvarast

I tillegg vil vi nemna nytt prosjekt for parkering ved kommunehuset og festplass i sentrum. Dette må òg utsetjast. Det kan ikkje på nokon måte forsvarast no med dei forslaga som ligg inne for innsparingar og kutt i budsjettet.

Då har vi funne eit innsparingspotensiale på 112 millionar kroner for komande år, med eit potensiale til meir innsparing med kreativ tenking (pluss evt. verdi/bruk av tomta til Os barneskule), utan større reduksjonar i tenestene for brukarane, bortsett frå Os barneskule, som er eit gamalt bygg, og to mikrohus til utprøving i rus og psykiatrien.

Krev modige vedtak

Resterande vil vi ta frå investeringsfondet, der kommunedirektørens forslag er ca 65,7 millionar. Vi har ikkje gått gjennom alle postane enno, men dei største er no dekka, og kommunen slepp med dette unna med å bruka mindre enn kommunedirektørens anslag frå investeringsfondet.

Dette vil i stor grad tilfredsstille dei berekraftsmåla som kommunen er forplikta til å styra etter.

Kommunen kan jo ikkje rettferdiggjera at det skal sparast inn så store summar på helse, velferd og oppvekst. Då er det betre å sløyfa eller setja andre ting på vent, for dette er ein ekstraordinær situasjon som krev modige vedtak.

Fallitterklæring

Bjørnafjorden INP vil følgja situasjonen vidare med argusauge, og vi kjem ikkje til å godta så omfattande kutt til brukarane utan vidare. Det meiner vi at den jamne innbyggjar i Bjørnafjorden heller ikkje skal gjera, sjølv om alle no skrik opp og brukar orda "krise" og "hastar".

Ein rapport frå PwC er berre dét - ein rapport. I rapporten står det dessutan innleiingsvis: "All handling som vert gjennomført på bakgrunn av vår rapport, er på eige ansvar." Dei fråskriv seg alt ansvar der, altså. Dei berre skriv ein rapport, og så er det ute av deira hender.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så enkelt bør det ikkje vera for leiinga i Bjørnafjorden kommune. Og det er innbyggjarane som må leve med verknadene av kutta, viss dei vert gjennomførde i tråd med PwC-rapporten.

Vi meiner at det er ei fallitterklæring, og at det er mogleg å gjera dette på ein betre måte.

Konsekvensane

Vi stiller òg spørsmålsteikn ved at det i rapporten etter vårt syn ikkje er vektlagt nok dei negative konsekvensane desse kutta får for dei det går ut over, alt frå barnehage- og skuleborn til eldre.

Vi i Bjørnafjorden INP lovar å kjempa for kvar og ein i Bjørnafjorden kommune i tida som kjem, med hovudmål å foreta minst moglege kutt som går ut over brukarane i kommunen.

INP vil prioritera menneske og tenester, skular og helse.

Nils Ove Lauvik

Leiar

Bjørnafjorden INP