Lokalkunnskap: Egil Haugland har inngåande kjennskap til Ingjelsbrekko og gardane i området.

Her kjem fasiten: — Is Ingjelsbrekko a famous place in Norway?

Det fine med vegnamnet/adressa er at det er unikt. Det finst berre éin stad på heile jorda med det namnet!

Ingjel er dialekt for Engel. Heilt frå mine forfedre busette seg på Haugland i 1849, veksla dei mellom namnet Engel og Hans.

Då eg vart fødd i 1947, vart denne tradisjonen ikkje vidareført då eg fekk namnet Egil. Mine forfedre budde saman med andre småbrukarar på eit klyngetun på toppen av vegen som gjekk ned til ytre Hauglandssjøen. Alle bruk på gardsnummer 42 hadde naust der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Meiner vegnamnet er umogleg å stava. No vil han skifta namn på gata han bur i.

Min bestefar, den siste i rekkja av «englar» i min familie, var odelsgut og bøkkar og arbeidde i ungdomsåra i Bergen, der han fann bestemor mi (Anna).

Då tida var inne til å overta småbruket (bruksnummer 7), valde han å overlate ⅔ av bruket til bror sin, Anders.

Den attverande tredjedelen fekk bruksnummer 12 som eg har vore eigar av sidan 1977. Det er denne delen av det opphavelege småbruket som grensar opp til nausta ved Hauglandssjøen. Vegen ned til nausta var ein privat fellesveg som gjekk frå “Bergareset” og ned til sjøen. I min barndom gjekk vegen under namnet Sjøssvegen (dialekt for Sjøvegen).

Rundt 1970 tok kommunen over vedlikehaldet, men veggrunnen er framleis privat eigd.

Dei som dreiv småbruket på bruksnummer 7 gjekk under namnet Ingjelsfolket. Eksempel på dette var Ingjels-Anders og seinare Ingjels-Nils.

Mine besteforeldre Engel og Anna - med bruksnummer 12 - flytta frå klyngetunet på toppen av Sjøssbrekko til eit hus på ein berghammar 20 meter frå sjøkanten, og far min gjekk heile sitt liv under namnet «Hans på Hammaren».

I hans tid var det visstnok sju med namnet Hans Haugland, alle med same postadresse.

Rundt 1990 fekk vegen ned til sjøen namnet Ingjelsbrekko, oppkalt etter min bestefar og dei mange med namnet Engel før han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingjelsbrekko er eit utfordrande namn når det skal formidlast munnleg, men det skjer ikkje så ofte no når meir og meir skjer skriftleg og digitalt.

Det fine med vegnamnet/adressa er at det er unikt. Det finst berre ein stad på heile jorda med det namnet!

I samband med det, synest eg det er på sin plass å fortelja om ein episode eg opplevde då eg for rundt 25 år sidan tok del i eit seminar på Harvard i Boston. Der fekk eg utdelt eit namneskilt pålydande «Egil Haugland, Ingjelsbrekko, Norway».

Ein av dei andre som deltok på seminaret, spurte meg om «Ingjelsbrekko was a famous place in Norway?». Eg måtte vedgå at det var det nok ikkje. «Not yet» la eg til.

Eg er nok inhabil i denne saka, men må vedgå at eg over tid er blitt meir og meir glad i gateadressa mi. Ulempene er marginale og ikkje store nok til at alle oss som bur her, skal få ny adresse.

Egil Haugland