Formannskapsmøte, 30. april 2025, Marie Bruarøy, H
– For fire år sidan skulle det vera vanlege folk sin tur, men dei fleste av oss var visstnok ikkje vanlege.

DEBATT

Høgre – det tryggaste valet

Med usikre tider og uro i verda, treng vi tryggleik og ei regjering som evnar å prioritera det viktigaste først.

 

Måndag skal det avgjerast. Kven skal styra landet dei neste fire åra? 

Ynskjer vi at Støre skal få halda fram med støtte frå Sp SV, MDG og Raudt, med høge skattar og «me følgjer situasjonen tett»-svar på utfordringane Noreg står i? 

For fire år sidan skulle det vera vanlege folk sin tur, men dei fleste av oss var visstnok ikkje vanlege.

Høgre er, som styringsparti, klare for å danna ei ny regjering på borgarleg side. Me går til val på dei fire hovudsakene:

· Meir forsvar og politi

· Lågare skatt

· Kortare helsekøar

· Meir læring i skulen

Høgre sin politikk er løysingar på dei utfordringane landet står i. Løysingar som får opp verdiskapinga. Løysingar som tar ned helsekøane. Løysingar som sikrar at ungane lærer meir. 

Med usikre tider og uro i verda, treng vi tryggleik og ei regjering som evnar å prioritera det viktigaste først!

Eit sterkt Høgre er garantisten for regjeringsskifte.

Ikkje stem taktisk, stem trygt, stem Høgre!

Marie E. L. Bruarøy

Bjørnafjorden Høgre

Powered by Labrador CMS