Varaordførar og gruppeleiar for Bjørnafjorden Høgre, Marie E. L. Bruarøy, håpar «tutti-frutti»-partia vert inspirert av Høgre sitt budsjettforslag.

DEBATT

Høgre sitt alternative statsbudsjett: 19 millionar meir til Bjørnafjorden i 2026

Ville vore til god hjelp for å styrka både oppvekst og helse og velferd.

Høgre har no lagt fram sitt alternative statsbudsjett, som faktisk prioriterer kommunesektoren som står i ei alvorleg krise. Om Høgre sitt alternative statsbudsjett hadde fått fleirtal, hadde det styrka kommunesektoren med 4 milliardar i frie midlar. For Bjørnafjorden kommune ville det utgjera 19 millionar meir i frie inntekter. 19 millionar ville vore til god hjelp for å styrka både oppvekst og helse og velferd. 19 millionar meir i vårt kommunale budsjett hadde vore ei handsrekning for å bøta på dei utfordringane kommunen står i for å levera lovpålagte tenester. 19 millionar ville letta veldig på budsjettarbeidet som pågår i desse dagar. 

Kva Bjørnafjorden kommune til sjuande og sist får å rutta med i 2026, avhenger av regjeringa og deira forhandlingar med fire parti på raudgrøn side… Vi får vona at «tutti-frutti»-partia vert inspirert av Høgre sitt forslag, og aukar dei frie midlane til kommunane. Det er lov å håpa!

Powered by Labrador CMS