Lang historie: Holdhus gamle kyrkje slik ho står i dag er frå 1725, med historiske detaljar som stavkyrkje tilbake til 1306.

Holdhus gamle kyrkje: - Uakseptabelt. Det kan ikkje halda fram slik

At eit kulturbygg med over 5.000 besøkjande per år ikkje kan tilby toalettanlegg, er uakseptabelt. Det kan ikkje halda fram slik.

Holdhus gamle kyrkje slik ho står i dag er frå 1725, med historiske detaljar som stavkyrkje tilbake til 1306.

Kyrkja har ein spesiell historisk skatt. Ein malt Madonna-figur i sandstein frå ca rundt 1600-talet er truleg den einaste måla steinskulpturen frå middelalderen i Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Holdhus-madonnaen har for ikkje lenge sidan vore til Oslo og blitt restaurert for ca 1,8 mill. kroner. Fleire i Bjørnafjorden kommune burde nytta høvet til eit besøk i denne heilt spesielle kyrkja.

Les også
Kommunestyret opnar for snuplass og parkering på dyrka mark. Uforståeleg, meiner naboane på Holdhus
Les også
— Forventar ein klage på kommunens vedtak

Kyrkja vert fast brukt av Bergen kommune sin leirskule, ca 2.200 elevar per år. I tidlegare år har besøket frå turoperatørar og andre vore over 3.000 per år.

At eit kulturbygg med over 5.000 besøkjande per år ikkje kan tilby toalettanlegg, er uakseptabelt. Det kan ikkje halda fram slik.

Med bussparkering: Reguleringsplan for Holdhus vist med bussparkering.

Ein reguleringsplan som omhandlar veg- og trafikksikring med fortau/ gangveg frå Hålandsdalen Montessoriskule til avkøyring til Hålandsdalen leirskole, tar òg med seg plass til toalettbygg, bussrundkøyring, parkering og gangveg inn til Holdhus gamle kyrkje.

Rundkøyring og oppstillingsplass for 3-4 bussar og noko parkering for vanlege bilar samt gangsti, er med i planen. Det er planlagt for ei normal drift.

Bussar skal i utgangspunktet ikkje rygga. Det må difor lagast rundkøyring. Området som er tenkt teke i bruk til bussrundkøyring, plass for servicebygg og gangareal, er av kultur- og landbruksstyresmakter, akseptert brukt til serviceområde for Holdhus gamle kyrkje.

Me har hatt konsertar i kyrkja med 120 deltakarar, og dei to spesielle dagane med rundt 20 bussar per dag. For slike høve med mykje folk og bussar, må me improvisera og akseptera litt kaos. I dagens situasjon sit det mest alltid folk att i bussane, av di dei ikkje tør gå ned den bratte stien ned til kyrkja. No vil me få tilgjenge for rørslehemma heilt fram til kyrkjeporten.

Det må no arbeidast med finansiering. Ei antatt kostnadsramme for dette prosjektet med vegutviding og fortau/ gangveg langs området, vil vera ca kr 2.500.000.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei total kostnadsramme for heile vegprosjektet - frå montessoriskulen til krysset til leirskulen, medrekna servicebygg og parkering for bussar - er sannsynleg rundt kr 8.500.000. Dette burde kommunen finansiert over Havbruksfondet som hålandsdølene har ein stor aksje i.

Harald Bjørndal

Styremedlem

Fusa lokallag

Fortidsminneforeningen