DEBATT
Ikkje tru på alt dei lovar og seier
Kor mykje kan ein øydeleggja bustadmiljøet for einskildmenneske før det vert ulovleg?
Eigedomsutviklar Tom Tellefsen frå Bergen og familieselskapa hans har etter kvart fått ein svært sentral posisjon i Bjørnafjorden kommune – særleg på Osøyro som er hovudsenteret i kommunen.
Gjennom familien sitt eigedomsselskap Krohnås Prosjekt AS har dei fått ein intensjonsavtale med Bjørnafjorden kommune om kjøp av hotelltomta på Mobergsneset ved siden av Oseana.
Der har dei no lagt fram planar for eit luksuriøst femstjerners hotell saman med Lab Eiendom som er eigd av eit av Noregs største entreprenørselskap. Til dette har dei laga eit eige selskap, Osøyro Eiendomsutvikling AS.
Familien Tellefsen er også eigarar i Irisbygget, der sonen Christian Tellefsen er 'senterleiar'. I tillegg til det er han tydelegvis talsmann for familien her i Os.
No har dei også fått hand om tre eigedomar på Steinneset på til saman kring 3,5 mål. Her har dei lagt fram planar for å byggja 33 leilegheiter. Selskapet som skal byggja, heiter Steinneset AS.
Gjennom media har dei ellers lansert tankar om ei stor utbygging i området der Fargeriket og Irisbygget ligg.
Litt nærhistorie
Då utbygginga av Mobergsneset starta med bustadblokkene til Os Sjøfront og kulturhuset Oseana, var tomta som har vore nytta til parkering, regulert til bustadføremål.
Dette blei så endra til hotellføremål i 2014 etter at Oseana og blokkene var komne opp. Grunngjevinga frå politikarane den gong var at Osøyro treng eit mindre hotell for gjennomreisande og andre.
No har Bjørnafjorden kommune lova tomta til Krohnås Prosjekt AS for 25,3 millionar kroner og planane for eit hotell er lagt fram.
Utbyggarane seier at det er politikarane i Bjørnafjorden kommune og De Bergenske som krev at hotellet må stiga nesten 40 meter til vêrs, elles løner det seg ikkje å bygga ut eller driva – men politikarane ville jo ha eit mindre hotell.
Då er det lett å tenka at politikarane i Frp må ha skifta syn under vegs etter ønske frå utbyggjar.
Krohnås Eigedom avviser fleire av påstandande frå Foreninga Midtskogen vel. Les svara deira her.
Kva skjer vidare?
Nyleg er det lagt fram planar for både hotelltomta og Steinneset. Desse planane går så langt som mogleg når det gjeld utnytting av områda.
På Steinneset vil ein byggja opp til seks etasjar i eit område med einebustader – ikkje rart det blir protestar.
Første handsaming av planane for hotellet på Mobergsneset er i morgon, 15. oktober, i Utval for plan, bygg og miljø. Dette går fort.
Mange lurer med rette på korleis Krohnås Prosjekt AS får dette til.
Vi i styret for Foreninga Midtskogen vel har eigaerfaring med utbyggarane som viser at dei som profesjonelle utbyggjarar følgjer gamle, gode strategiar som:
1) Språkvask
Bruk nøytrale ord som vekkjer minst mogleg sinne.
Døme: Høgblokka i hotellet som er om lag 300 m2 i grunnflate og 10 etasjar høgt, vert kalla eit tårn trass at det er stort som ei bustadblokk på 13 etasjar med rundt 50 leiligheter alt etter størrelsen på desse.
2) Forskjøning av bilete
Døme: Perspektiva i bileta som blir presenterte er laga i «widescreen». Det gjer at bygningane ser lågare ut og avstandane til naboeigedomane ser også lengre ut. Det er mykje same teknikken som dei som sel bustader bruker for at romma skal se store ut.
3) Ro ned folk med gode nyhende når dei vert sinte
Døme: Då planane for Steinneset vart lagt fram og naboane og mange andre vart sinte, kom dei fort med lovnad om at dei kan tenke seg å bygga ei gangbru frå Iris'en over til kaien på andre sida.
Les du heile artikkelen skjønar du at dei berre skal bidra om Bjørnafjorden kommune tar på seg dette prosjektet. Ein god idé, men det har ikkje kommunen råd til.
4) Du kan gjerne lova noko munnleg - men set det ikkje på papiret
Døme: Då vi i styret for Foreninga Midtskogen vel (FMV) var i møte med utbyggarane i vår, lova dei å gjera støymålingar av trafikken i Mobergsbakken. Då vi tok det med i vårt forslag til protokoll frå møtet, ville dei ikkje skrive under på det.
Krohnås Eigedom avviser fleire av påstandande frå Foreninga Midtskogen vel. Les svara deira her.
No ser vi at det berre er brukt ein datamodell der ein legg inn diverse føresetnader slik som kor stor trafikk det er i dag og anna.
Men om desse føresetnadene er gale, blir resultatet av berekningane gale. Vi trur ikkje føresetnadene held. Mellom anna er det svært mykje tungtrafikk på vegen og trafikken aukar raskt frå Moberg mot Hatvik mellom anna.
Det er berre éin måte å få det rette nobiletet. Det er å gjera målingar på staden over eit lengre tidsrom. Vi reknar med at Utval for plan, bygg og miljø er einige i det.
5) Ta det som vekkjer sinne i fleire steg
Døme: Først skulle hotellet verta 30 meter, så 35 meter så 38 meter og no 39,5 meter. I tillegg kan det koma tekniske installasjonar på taket.
6) Gi andre skulda
Døme: Utbyggarane av hotellet seier at det er politikarane i Bjørnefjorden kommune som vil ha hotellet så høgt. Tru det den som vil. Dei kan i hvert fall ikkje snakka om fortetting av bustadbygging.
7) Sei det er til fordel for andre også
Døme: Det blir sagt at Kulturhuset Oseana vil få fordelar av å bli integrert med hotellet. Røynda er at Kulturskulen med meir enn 400 born som elevar, mister lokala sine der.
Parkeringsforholda blir svært dårlege med berre 50 parkeringsplassar i hotellet og ingen plassar til andre enn gjestene og dei ansatte i hotellet.
Då kan ein tenkja seg korleis parkeringsforholda må bli på Osøyro ellers. Det trengst parkering i fjellet og det er arbeid i gang med reguleringsplan for dette - men kven skal betala? Bjørnafjorden kommune har ikkje pengar til dette.
8) La vera å visa det som er negativt om du ikkje er nøydd til det.
Døme: Fram til no er det ikkje laga eit einaste bilete i planane for hotellet som viser kva som vil møta folk når dei kjører ned Mobergsbakken og rundar svingen. Der vil dei møta ein vegg mot Osøyro. Det er dette biletet folk reagerar mest negativt på. Minst 300 har fortalt oss dette då dei skreiv under på at «Høgda må ned» under Marknadsdagane og Bondens dag.
No til slutt har kommunedirektøren i si saksframstilling tatt med ei lita skisse som viser blokka som vil møta folk i Mobergssvingen. Det måtte dei jo til slutt. Hotellet vert minst to meter høgare enn dette biletet vi laga før sommaren.
9) Bruk kjende og respekterte personar til å promotera prosjekt.
Døme: Direktør og eigar av De Historiske, Kjetil Smørås, var med og presenterte prosjektet første gongen i 2023. Utbyggarane seier at det er han som må ha så mange rom og så høg standard på hotellet – ikkje dei. Vi er ikkje sikre på om det vert De historiske som kjem til å drifta hotellet. Då må dei nok først verta einige om kva leiga skal vera.
Sluttord
Desse sakene dreier seg i røynda om tre ting:
1. Kva kommunesenter vil vi ha i Bjørnafjorden kommune – strandstad eller fjordby/drabantby?
2. Manipulering for å få så stor forteneste som mogleg av investeringane sine. I våre dagar ser vi mykje av dette i kva beskrivelse av verkelegheita som vert presentert.
3. Kor mykje kan ein øydeleggja bustadmiljøet for einskildmenneske før det vert ulovleg?
Vi håpar at alle politikarane våre også ser dette perspektivet når dei skal ta avgjerder på vegner av oss alle og enskildmenneske.
Knut Natvik (styreleiar)
Truda Lunde (nestleiar)
Renée Førde Bernsen (varamedlem)
Foreninga Midtskogen vel