Forsmak: Som ein skjebnens ironi fekk me allereie dagen etter vedtaket ein forsmak på det som ventar.

Ikkje vårt KrF

Etter at KrF støtta vedtaket om nedlegging av legevakta i Eikelandsosen, har me vore djupt skamfulle over å vera medlem.

Me har møtt folk som er djupt prega av sorg og vantru over dette vedtaket. Då er det tungt å sjå dei i augo når dei veit kva parti me er med i.

Som ein skjebnens ironi fekk me allereie dagen etter vedtaket ein forsmak på det som ventar. Ferga går ikkje, vegane er såpeglatte, og på Holmefjord har det skjedd ei ulukke som lagar kø. Dette vil skje igjen, og dette vedtaket kjem til å kosta liv før eller seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når liv og helse ikkje lengre er viktig for KrF, då ser me ikkje lenger nokon framtid for oss i partiet. Å bli verande i partiet vil vera å legitimera det vedtaket som nå er gjort. Det kan me ikkje leva med. Me ynskjer å gå med lyfta hovud blant våre sambygdingar. Det er difor med stor sorg me med dette melder oss ut av partiet som nå er blitt Vest-Bjørnafjorden KrF.

Anne Gramstad

Ole Bjørn Eikeland