Raud strek: Set ein raud strek over konsulentanes spareplan og finn ei anna løysing på kommunens økonomiske utfordringar. I Bjørnafjorden betyr verdiar meir enn tal.

Innleigde konsulentar kan rekna i kroner. Det er vi bjørnafjordingar som kan rekna i verdiar

I desse tider står Bjørnafjorden kommune og vi som bur her ved eit viktig vegskille. Vi står der saman.

Fleire av våre nærskular er truga av nedlegging. Nedlegging av skular, ein eller fleire, vil innebera ei fundamental forandring – ikkje berre for borna i skulane og deira familiar – men av heile bygda vår. Nedlegging vil endra identiteten til Bjørnafjorden. Vi vil ikkje lenger kjenna «kvar gard og kvar grend».

Det er soleis ikkje berre pengar som står på spel!

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden kommune har vore ein trygg stad for born å veksa opp. Slik må det framleis vera. Bjørnafjorden veks sterkt i innbyggjartal, og skal ein tru prognosar, vil veksten fortsetja. Det seier oss at folk flyttar frå by til bygd. Det seier oss at kommunen vår har noko av stor verdi, og som det er verdt å halda fast ved og kjempa for. Nærskulane.

Nærskulane i kommunen gjer det attraktivt å busetja seg her. Det gjer at ein kan bu landleg, og samtidig vera del av eit lokalsamfunn og få kvardagen til å gå rundt. Mange av oss har valt å flytta heim igjen til kommunen fordi vi saknar dette, og ikkje minst fordi vi er svært glade i bygda vår. Men om nærskulane våre blir borte, vil Osøyro og krinsane mista pulsen. Skulane er ikkje berre bygningar, men sjølve hjarta i nærmiljøet. For mange vil ikkje bygda lenger vera ein attraktiv stad å bu.

Ønskjer vi ikkje at born som har vakse opp her, skal flytta heim igjen når dei er ferdige å studera? Kva sit vi att med dersom vi tek bort tilbodet om nærskular som gjer bygda vår så god?

Vi må ikkje saga av den greina vi sit på.

Nærmast kvar morgon når eg følgjer sonen min til skulen, står det ei smilande og trygg dame og tek i mot han i det han går inn i skulegarden. Det er rektor. Ho kjenner kvart einaste barn sitt namn. Ho tek i mot borna og ho ser dei, kvart og eitt.

I Bjørnafjorden er det passe stort til at vi har alt, men samstundes lite nok til at vi kan sjå kvarandre. Skulane som er truga av nedlegging er passe stor – eller passe små om ein vil – til at borna våre blir sett. Folk flyttar heim igjen for dette.

Dersom ein vel å leggja ned skular, kan det fine fellesskapet vårt bli øydelagd. Då blir skulevegen lang og klasseromma fulle.

Kortare skulevegar, skular der klasseromma ikkje er overfylte og skular der borna og alle som arbeidar ved skulen trivst. Nærmiljø og tilhøyrsle. Dette kan ikkje målast i kroner. Det handlar om tryggleik og stabilitet for borna våre, og ein skule som er uvurderleg for oss som vil sjå borna veksa opp i Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi må slå ring rundt alle skulane våre. Dei politikarane som bergar kvar einskild av dei, vil bli hugsa for det.

Konsulentar har rekna på kostnader og utgifter ved nærskulane og kva dei meiner ein kan spara i kroner på omorganisering i skulestrukturen. Men det er vi innbyggjarane i kommunen som kan rekne i verdiar.

Set ein raud strek over konsulentanes spareplan og finn ei anna løysing på kommunens økonomiske utfordringar. I Bjørnafjorden betyr verdiar meir enn tal.

Tarjei Brimsholm Hovland