Stor forskjell: Frp/H sa nei i berre 3% av dispensasjons- og klagesakene. Det er altså stor forskjell på partia!

JA-kommunen Bjørnafjorden

I den lokale valkampen har det vorte mykje fokus på JA-kommunen Bjørnafjorden.

Frp er tydeleg på at vi vil reetablera JA-kommunen både i plan- og byggjesaker, og i høve søknader o.l. frå næringsliv og frivillig sektor. For oss står til dømes den private eigedomsretten sterkt, og det er viktig at kommunen strekkjer seg langt for at du skal få utvikla eigedomen din slik du ynskjer.

Frp står for at vi skal bestemma arealpolitikken lokalt, og ikkje gjera knefall for Statsforvaltaren eller Vestland fylkeskommunen med ein gong dei har innvendingar til vårt lokalpolitiske skjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal vi få vekst og utvikling også ute i bygdene, kan t.d. ikkje alt av nye bustader lokaliserast på Osøyro eller langs kollektivtrasear med bussavgangar kvart 15. minutt.

Praktisk politikk: Skal Bjørnafjorden kommune vera ein JA-kommune, må vi også visa det i praktisk politikk.

I kommande valperiode vert det ei hovudoppgåve for Frp å leggja til rette også for bustadbygging ute i bygdene - på begge sider av fjorden.

Ap hevdar i annonser og lesarbrev at Bjørnafjorden allereie er ein JA-kommune, og at det har vore tydeleg også dei siste fire åra. Vi tvilar sterkt på at grunneigarar og utbyggjarar er einige i dette bilete.

Ap viser til dømes til at kommunen i all hovudsak seier JA i nye byggjesøknader, men dette er kurante byggesaker som administrasjonen handsamar på delegasjon.

Frps poeng er at i den politiske handsaminga i plan- og byggningsutvalet, framstår Bjørnafjorden som ein NEI-kommune i denne valperioden. Ein gjennomgang av protokollane for fireårsperioden 2020-23 syner eit tydeleg bilete.

I byggje- og frådelingssaker er det dispensasjonar og klagesaker som ligg til plan- og bygningsutvalet. Ser vi på t.d. 2020, og summerer opp får vi følgjande bilete;

Plan- og byggningsutvalet handsama dette året 40 dispensasjons- og klagesaker (nokre saker var oppe fleire gonger). SV og MDG sa nei i dei aller fleste sakene, medan Ap/Sp sa nei i heile 38% av sakene.

Frp/H sa derimot nei i berre 3% av dispensasjons- og klagesakene. Det er altså stor forskjell på partia!

Artikkelen held fram under annonsen.

Når 38% av alle enkeltsaker som har vore til politisk handsaming, endar med NEI, kan ikkje Ap hevda at Bjørnafjorden i dag er ein JA-kommune.

I tillegg synar protokollane frå plan- og bygningsutvalet for 2020, at fleirtalet Ap/Sp/MDG/SV tok ut fleire titals bustadareal frå arealplanen for Bjørnafjorden Vest. Alt for å tekkast Statsforvaltaren. Dette representerer i sum store tap for grunneigarar og utbyggjarar i Bjørnafjorden.

Skal Bjørnafjorden kommune vera ein JA-kommune, må vi også visa det i praktisk politikk. Det gjer Bjørnafjorden Frp.

Godt val 11. september!

Terje Søviknes (Frp)

Gruppeleiar

Gustav Bahus (Frp)

Fraksjonsleiar i plan- og bygningsutvalet

Artikkelen held fram under annonsen.