2012: Eg vil minna om det som dagens generalsekretær for Hordfast, Øyvind Halleraker, sa i Hordaland fylkesting i 2012.

Ja til Hordfast, men ikkje over Bjørnafjorden

Naturvernforbundet kallar det for rein galskap, både miljømessig og i eit klimaperspektiv, å gjennomføra dette prosjektet.

Det skal både økonomisk og miljømessig klokskap til å stoppa det rådyre prosjektet med bru og firefelts motorveg over Bjørnafjorden der han er breiast, istadenfor indre trasé, der ei fjordkryssing må og vil koma.

Dette er den traseen som Statens vegvesen la opp til, før Erna Solberg, etter massivt press frå næringsinteressene i Sunnhordland, nærast dikterte Knut Arild Hareide til å gå inn for midtre trasé.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naturvernforbundet kallar det for rein galskap, både miljømessig og i eit klimaperspektiv, å gjennomføra dette prosjektet. Og eg vil minna om det som dagens generalsekretær for Hordfast, Øyvind Halleraker, sa i Hordaland fylkesting i 2012, då det midtre alternativet kom opp: Å bygge bro over fjorden etter midtre trasé vil bli ingeniørenes lekegrind.

Han fekk desverre alt for rett.

Nils Georg Brekke