Torsneset: Heldigvis vart ikkje det store krysset lagt midt på det grøne Torsneset – den gamle hovdinggarden frå vikingtida. Den nye tunnellen frå Flatabø i Mauranger munnar no ut på Belsnes heilt til venstre i biletet, og her vil neste fjordkryssing måtta koma i aust-vest-sambandet.

Ja til Hordfast - men ikkje over Bjørnafjorden

Vi kan med glede konstatera at Vestland fylkesting har prioritert E 16 og rassikring framfor eitt av dei mest ukloke samferdselspolitiske prosjekt i Norge – bru over Bjørnefjorden som ein del av ferjefri E39.

Dette rådyre bruprosjekt, som raserer store miljøverdiar og er basert på svakt funderte reknestykke om verdien av ein felles bu- og arbeidsmarknad på Vestlandet, må no vika for trygge vegar, rassikring, liv og helse.

I 2012 var det fleirtal i Hordaland fylkesting for indre trasé av Hordfast, og framlegget om bru over Bjørnafjorden vart av Øyvind Halleraker karakterisert som «ingeniørenes lekegrind». Han fekk dessverre alt for rett. Det var før industrilobbyen i Sunnhordland sette Høgre og Erna Solberg under press. Men det har vist seg å vera ein kostbar idé å byggja bru over fjorden der han er breiast, istadenfor der han er smalast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein støttar seg på smale analyser av næringsverdi og samfunnsøkonomi for å rettferdiggjera det gigantiske bruprosjektet over Bjørnafjorden. Men i vår tid, med aukande vekt på miljø, rein luft og kortreist mat – alt som handlar om det som er godt for mennesket; liv og helse – kan det ikkje vera ingeniørane og dei tekniske økonomane som skal forklara for oss samfunnsnytten av unødvendig lange og kostbare arbeidsreiser. Kvar ligg verdiskapinga i å få seg morgonmat i Bergen, lunsj på Stord eller i Stavanger og kanskje rekkja innom frisøren før ein susar tilbake til middag ved Puddefjorden?

Og ser vi på det overordna trafikkmønsteret for denne landsdelen, med behovet for eit raskt og sikkert aust-vest-samband, og på samfunnsnytten og økonomien i å styrkja dei indre bygdene med tilkopling til det nye samferdselssystemet på Vestlandet, så må det vera innlysande at ein tidsskilnad på 15 minutt mellom midtre og indre trasé av Hordfast umogeleg kan vera nok til å rettferdiggjera ei milliardsløsing på eit miljømessig forkasteleg bruprosjekt, når vi ser det store verdiskapingspotensialet som det indre traséalternativet vil kunna ha.

Det er ikkje tvil om at for bjørnafjordsbygdene vil ein aust-vest-tangent til vegsystemet mot Oslo, som samstundes fangar opp nord-sør trafikken på ein ferjefri E39 gjennom dei indre bygdene, vera det beste alternativet – det vil seia at ein kjem fram til knutepunktet ved Svegatjørn gjennom ein veg frå sør og aust, ikkje ein veg over øyane i vest. Og for Sunnhordland vil også indre trasé for Hordfast, med bru over Fusafjorden, sjølvsagt vera eit godt alternativ.

Det skal ikkje stort klarsyn til for å sjå at ei bru bør koma der Hardangerfjorden er smalast, mellom Belsnes (Beltesnes; der fjorden er smal som eit belte) og Ljones – vikingtida si markerte landskapsgrense mellom Hardanger og Sunnhordland – og ikkje der fjordsystemet er på sitt breiaste, over Bjørnafjorden.

På Belsnes munnar den nye tunnellen frå Flatabø i Mauranger ut. Heldigvis vart ikkje spaghettikrysset lagt midt på det grøne Torsneset – ein av hovdinggardane frå vikingtida – då fylkestinget handsama denne traséen. Vi har all grunn til å tru at Statens vegvesen sine ingeniørar alt for 20 år sidan, då denne vegen vart prosjektert, såg for seg at neste bru vil måtta koma ved Belsnes.

Eit raskt blikk på kartet viser at frå krysset ved Svegatjørn i Os ligg det ei tilnærma rett linje med tunnell undet Tøsdalsfjellet, bru over Fusafjorden, tunnell frå Hålandsdalen til Strandebarm og tunnell frå Ljones til Hårjono, med bru over det smale fjordstykket til Belsnes og vegen vidare gjennom tunnellane til Odda. Dette vil binda saman E39 nord-sør og E 134 aust-vest på ein god måte, slik at det gir verdiskaping og gode lokalmiljø også i dei indre bjørnafjordsbygdene.

Nils Georg Brekke