Kan takka seg sjølve: Folk i Sunnhordland kan takka seg sjølve for dette. Dei har lagd alle egga i ei kurv, ein vegtrasé og ein talsmann.

Ja til Hordfast - nei til bru

No er brukameratane i panikk og nesten krigersk mot fleirtalet i fylkeskommunen. Alliert med statsminister og Bergens Tidende sender dei trugsmål om byte av fylke og påstandar om svik og mistillit.

Språkbruken, ført an av stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland, ligg langt unna det ein kunne forventa av folk i sentrale tillitsvalde posisjonar. Og med denne språkbruken, ber dei om eit samarbeid om eit kompromiss i saka.

Les også
Statens vegvesen avviser «tett samarbeid» med Hordfast AS

Eg er samd med Kjellbjørg Lunde: Dei manglar røynsle i å vera i mindretal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folk i Sunnhordland kan takka seg sjølve for dette. Dei har lagd alle egga i ei kurv, ein vegtrasé og ein talsmann. Dei har ikkje vore viljuge til å drøfta alternativet: Den indre traseen som, i tillegg til Sunnhordland, opnar andre nærings- og arbeidsområde i indre del av fylket, og ein kortare veg austover via E-134.

Les også
Hordfast er vedtatt på sviktende grunnlag - svar til Statens vegvesen

I denne vanskelege tida, har vi anna å bruka pengane til enn ein bauta i form av ei kjempelang bru, over SVV og ein lobbyist. Lobbyisten har frå før ein bauta i form av trekantsambandet. Men me som har levd ei stund hugsar også prosessen som førde til omprioriteringa den gongen.

Vedtaket i fylkesutvalet er ikkje eit nei til Hordfast, men eit nei til midtre trasé med Bjørnefjordsbrua. og ei prioritering slik statsråden har bedt om.

Les også
Svar om Hordfast til påstandar frå Kurt Oddekalv

«Vi står ‘an av»

Korkje statsminister eller journalist kan gjera noko med ein demokratisk prosess i eit fylkesting.

Jan Gaassand

Les også
– Endeleg ser det ut til at epoken Hordfast er over
Les også
– Nei, det skal selvsagt ikke koste 800 kroner å kjøre Hordfast!