DEBATT

Ja til rusfri 17. mai-feiring!
Det er inga skam å snu.
Heller enn å liberalisere skjenkereglane, til dømes med utvida skjenketider frå kl 06 på 17. mai, så burde administrasjonen og vi som folkevalde fokusere på å lage og vedta skjenkereglar som vil gagne folkehelsa og trygge barn og unge og utsette grupper i kommuna vår.
Eg undrast på om folkehelse og rusutfordringar i samfunnet har blitt vurdert i arbeidet med å utarbeide nye skjenkereglar. Eg finn i alle fall ikkje noko om det i saksutgreiinga.
Det virkar til dømes som kunnskapen frå UngData 2024 undersøkinga ikkje er blitt omsett til læring og implementering i skjenkereglane.
Ved presentasjonen av UngData 2024 fekk vi folkevalde lagt inn over oss at vi som vaksne må vere bevisste på korleis våre handlingar og haldningar påverkar ungdommens val og åtferd. Eg synest ikkje vi gjer det dersom vi prioriterer å utvide tilgangen til rusmidlar heller enn å komme opp med og vurdere tiltak for å betre folkehelsa og å gje trygge oppvekstvilkår for born og unge.
Forsking på alkoholbruk og effekten det har, viser klart at alkohol har både kortsiktige og langsiktige negative konsekvensar for helsa, både på individnivå og for samfunnet som heilskap.
Forsking viser også ein samanheng mellom tilgangen på alkohol og alkoholbruken. Når alkohol vert gjort lettare tilgjengeleg, til dømes gjennom at det er fleire utsalsstader, auka opningstider eller lågare prisar, kan det føre til høgare konsum.
På den andre sida, dersom tilgangen på alkohol blir meir restriktiv, kan det redusere bruken.
I kapittel 1 i forslag til nytt skjenkereglement står det at “Bjørnafjorden kommune sin alkoholpolitikk skal i perioden 2024-2028 byggja på Alkohollova sitt føremål om å avgrensa skader årsaka av alkoholbruk og å redusera bruken av alkohol.”
Saksutgreiing og forslag til nytt reglement er ikkje er i samsvar med dette føremålet, slik eg vurderer det.
Ein synest å vektlegge næringsinteresser og lettare tilgang heller enn folkehelse og omsynet til personar og ektefelle og borna til dei som slit med misbruk.
“Det er inga skam å snu”.
Eg vonar vi folkevalde vil vektlegge kunnskapsgrunnlaget om korleis tilgangen på alkohol påverkar alkoholbruken og kva dette kostar samfunn, familiar og einskildpersonar. Har vi råd til å la være?
Forslaget til nye skjenkereglar bør utarbeidast på nytt der folkehelse og omsynet til born og unge blir lagt til grunn i vurderingane.
Jakob Enerhaug
Gruppeleiar KrF