Liten: Eg har aldri før kjent at eg og den jobben eg gjer betyr så lite som då dette forslaget kom.

Jobben vi gjer er ikkje heilt gratis, men fy flate kva de får for pengane!

Som kommunalt tilsett reinhaldar kjenner vi på eigarskap, at vi høyrer til og er ein del av laget.

Det er omtrent umogleg å halda seg kort når det kjem til å uttala seg om eige arbeid. Som kommunalt tilsett reinhaldar kjenner vi på eigarskap, at vi høyrer til og er ein del av laget.

Vi er ærekjære, lojale, løysingsorienterte, fleksible og gjer det vi skal med ein profesjonalitet som eg tvilar på at de vil få ved å gå over til privat drift.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er 3. generasjons reinhaldar ved Fusa ungdomsskule. Til sommaren har eg vore tilsett i kommunen i 23 år, og eg er stolt av jobben eg gjer.

Mine arbeidsoppgåver er å vaska golv, ta boss, vaska pultar, tørka støv osb. Reinhaldet er sjølvsagt det viktigaste. Det er det eg er tilsett for å gjera.

I tillegg til dette har eg koordinert reinhaldet ved Fusa ungdomsskule i rundt 12 år. Eg har hatt ansvaret for å bestilla alt av utstyr/forbruksvarer til reinhaldet og eg har hatt opplæring av nye tilsette og vikarar - også andre stader enn på ungdomsskulen.

Skulefrukosten var ein del av arbeidet mitt i nesten 10 år. Her hadde vi også med oss personar som hadde behov for arbeidserfaring (via NAV), språkpraksiselevar frå vaksenopplæringa, elevar med spesielle behov som trengte litt arbeidstrening. Vi stilte opp når skulen var ny og det viste seg at byggvask ikkje var tilfredstillande utført. Vi jobba på spreng for å få skulen klar, og vi fiksa det!

Vi har kokt kaffi og skore opp frukt til både kommunestyremøte og utviklingsdagar, kokt julegraut til julekos og rømmegraut til 10. klassane sin avslutningsfest. Eg har låst opp til, vist dei kor dei skal vera og låst etter. Reinhald er eit serviceyrke og vi yter service.

Det kom ein spansktalande elev første skuledag eit år. Maria såg denne guten og sette seg bort til han og oversette - utan å bli spurt, fordi ho er ein del av desse trygge vaksne. Og det vil eg seia at vi er. Ein tidlegare rektor beskriv oss som trygge, tydelege og trivelege tilsette som alltid møter ungdomane på ein stødig måte og dermed bidreg sterkt til elevane sin tryggleik på skulen. Vi er med og hjelper dei på vegen til å bli ansvarsfulle og sjølvstendige unge vaksne.

Det kom pandemi. Vi vart omdisponerte – dette tok vi på strak arm.

Eg var ønskt på legekontoret. Der var eg i ein periode innom annankvar time (overflatedesinfeksjon), i tillegg til dagleg reinhald. Eg tok alt av smittevask på helsesenteret (legekontoret), vaska legane sine arbeidsklede og var Fusa-sida sin versjon av Tore Kleppe. Ergo koordinerte eg så å seia alt som gjaldt reinhald på denne sida. Kan nemna organisering av vikarar, kontakt med reinhaldsfirma, opplæring, befaring, nedvask legebustad, bestilling av utstyr, utarbeidde reinhaldsplan m.m. Dette i tillegg til den «vanlege jobben».

Artikkelen held fram under annonsen.

Når skulane opna igjen, var eg framleis koordinator på denne sida. Eg utarbeidde smittevernplanen til Fusa ungdomsskule i lag med Maylin Torgilstveit som då var rektor. Eg gjekk på jobb kvar søndag og sørga for at alt av klutar m.m som lærarane trong for å ta sin del, var klare til måndag morgon.

Vi legg på plass takplater, festar lause dørhandtak, kostar ute, flikkar på måling, måkar snø.

Maria har laga tallause fredagslunsjar, ho stiller opp som tolk når og om det trengst - både i møte på skulen og andre stader. Ho ser elevane og dei andre tilsette.

Olga er reinhaldar på både barneskulen og ungdomsskulen. Ho har sagt ja til å bidra som tolk for dei ukrainske flyktningane, i tillegg til reinhaldsjobben. Elevane på barneskulen er trygge på Olga og den ho er. Ho har full oversikt over kva som må og bør gjerast på barneskulen. Vi samarbeider godt og har veldig god kjennskap til bygga vi vedlikeheld.

Vi er ein del av laget, vi har gode relasjonar til kollegaene, vi er inkluderte i det som skjer og vi blir verdsett.

Jobben vår er å halda skulen rein. Vi er synlege i skulekvardagen og det gjer at elevane ser oss og det vi gjer. Eg vel å tru at det verkar preventivt med tanke på hærverk og unødvendig gris og søl. Dei kjenner oss på namn og helser på oss.

Oppdragelse og dannelse startar i heimen, sa Maria på eit foreldremøte ein gong. Men det krevst ein god del av dei vaksne som er tilsett i skulen i desse dagar, og kan vi vera med og bidra på den fronten. Det er mykje stigma knytta til reinhaldsyrket og vi har opplevd forskjellig. Men: It takes a village!

Reinhaldsplanen til Fusa ungdomsskule er levert av Lilleborg, og det er utrekna på minuttet. Vi held oss til den og vi gjer det vi skal og meir til fordi vi kjenner på eigarskap. Vi er ikkje heilt gratis, men fy flate kva de får for pengane! Den fleksibiliteten får de ikkje i det private.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er ikkje skapt for å jobba på akkord. Bjørnafjorden kommune skriv om seg sjølv som arbeidsgjevar at dei er ein nær og varm kommune, og at dette gjenspeglar seg i misjonen: «Det gode liv for alle». At ein som arbeidstakar bidreg med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. Det står at vi betyr noko og at det vi gjer betyr noko.

Eg har aldri før kjent at eg og den jobben eg gjer betyr så lite som då dette forslaget kom.

Trude Helland

For meg sjølv og dei andre reinhaldarane ved Fusa ungdomsskule