DEBATT
Karbonfangsanlegget i Rådalen -om skrivebordsidealisme og konsekvensar
Å leggja eit slikt karbonfangstanlegg til eit tett befolka område, er heilt hinsides.
Kva som går føre seg i Rådalen er kanskje ikkje ei openberr lokalsak i Bjørnafjorden. Men når det handlar om BiR, som kommunen er medeigar i, og ei gjennomfartsåre for folk som pendlar til jobb i Bergen, blir det straks meir aktuelt.
BiR har søkt Bergen kommune som å få bruka areal til bygging av eit karbonfangstanlegg. Røyk i pipa skal bli til flytande CO2 som skal transporterast til Kollsnes med 10.000 tankbilar per år.
CO2-gass er ikkje giftig i seg sjølv, men fortrenger oksygen og kan difor føre til kvelningsfare. Gassen er usynleg og luktfri. Ved lekkasje frå anlegget eller under transport, kan dette få katastrofale følgjer, ikkje minst for born og unge som nyttar skular og idrettsanlegg i Rådalen.
Å leggja eit slikt karbonfangstanlegg til eit tett befolka område, meiner eg og resten av INP er heilt hinsides. Og det er det nok også mangre andre som meiner, sjølv om det ikkje er god tone å målbera det offentleg.
Utanom våre debattinnlegg i Fanaposten har det vore heilt stilt om saka. Konserndirektør Borghild Lekve har gjort jobben sin og vore frampå. Men frå partia som har pressa fram denne potensielle «dødsfabrikken», er det heilt stille.
Grunnane til dette er klare nok. For det første er det feil folk som kjem med åtvaringane. For det andre passar det dårleg å bli minna på ekstremt kostbare og lite gjennomtenkte tiltak i eit valår.
Her skal tydelegvis veljarane strykast medhårs og dullast med. Val er ikkje sesong for sjølvransaking eller korrigering av eigen kurs. I denne saka kan det få katastrofale følgjer.
Grunnen til at BIR har det så travelt med å pressa fram eit karbonfangstanlegg i Rådalen er Parisavtalen. Denne avtalen har fått Stortinget til å skru opp avgiftene på utslepp, som i sin tur tvingar t.d. BIR til å gjera CO2-gassen flytande og transportera denne til Kollsnes.
Gode intensjonar kan her få katastrofale følgjer.
Skrivebordsidealismens møte med realitetane kan bli ein stygg affære i Rådalen. Skulle det verst tenkelege skje, betyr det lite om du stemmer til høgre eller venstre, om du er skuleelev eller pensjonist, om du er fastbuande rådøl eller for den del pendlar frå Os på veg til jobb.
Lars Gunnar Øye
INP
1. kandidat på stortingslista for Hordaland